Nærøyfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærøyfjorden er ein fjord i Aurland i Sogn og Fjordane. Nærøyfjorden er omkring 18 kilometer lang og er ein arm av Aurlandsfjorden som igjen er ein arm av Sognefjorden. Innarst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen. Andre busetnader langs fjorden er Bakka og Dyrdal. Nærøyfjorden kom 14. juli 2005 på UNESCO si verdsarvliste og utgjer ein del av Nærøyfjorden landskapsvernområde, oppretta i 2002.
Fjorden har innløp mellom Nærnes i nord og Beitelen i sør. Aust for Beietelen held Aurlandsfjorden fram søraustover til Aurlandsvangen og Flåm. Fjorden har særs bratte og høge fjorder, enkelte av dei strekk seg 1300-1500 meter nesten rett til vêr. Inni mellom går det bratte dalar ned til fjorden og her ligg små grender og gardar. På veg innover i fjorden er den første av desse Dyrdal på nordsida. Litt lenger inn i fjorden ligg Styvi på andre sida.
Litt over 5 km frå fjordbotn ligg garden Tufto på vestsida av fjorden. Frå her og inn til Gudvangen går det veg langsmed fjorden. Rett sør for Tufto ligg grenda Nærøy, som fjorden er kalla opp etter.
Inst i fjorden ligg Gudvangen der Nærøydalselvi munnar ut i fjorden.

