Aurland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Aurland
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1421
Fylke: Sogn og Fjordane
Administrasjonssenter: Aurlandsvangen
Flatevidd: 1489 km²
Folketal: 1 695 (2008)
Politikk
Ordførar (2007-2011): Olav Ellingsen (Sp)
Målform: Nynorsk
Nettstad: www.aurland.kommune.no

Aurland er ein kommune i Indre Sogn i Sogn og Fjordane fylke. Grensar i nordvest mot Vik kommune, i nordaust mot Lærdal kommune, i søraust mot Buskerud fylke og i sørvest mot Hordaland fylke.

Utsyn over Aurlandsfjorden, Aurlandsvangen og Flåm
Utsyn over Aurlandsfjorden, Aurlandsvangen og Flåm

Kommunesenteret heiter Aurlandsvangen. Andre tettstader er Flåm, Gudvangen, Undredal og Vassbygdi. Kommunen femner om eit svært berglendt landskap der omlag 80 % av arealet ligg over 900 m.o.h. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 m.o.h.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Gravfunn frå vikingtida. Folketalet i Aurland var på sitt meste i 1845, omlag 2 800, og har sidan falle jamnt, først grunna utvandringa til Amerika, seinare som fylgje av den allmenne samfunnsutviklinga.

[endre] Næringsvegar

Gamle og nye næringsvegar, som geitehald og kraftproduksjon, er basert på ressursane i høgfjellet. Jordbruk og handel er dei tradisjonelle næringane, seinare også skoproduksjon (Aurlandsskoen), kraftproduksjon og turisme.

Turismen knyter seg til den sjeldsynt vakre og varierte naturen: Aurlandsdalen, Flåmsdalen med Flåmsbana, verdsarvområdet Nærøyfjorden og fisket i Aurlandselva. Andre attraksjonar er Lærdalstunnelen, som er verdas lengste vegtunnel, og fjellvegen til Lærdal («Snøvegen») med utsiktspunktet Stegasteinen. Flåm har djupvasskai med stor cruisetrafikk.

[endre] Anna

Stamvegen Oslo-Bergen går gjennom Aurland.

Kommunen har fire barneskular, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule med landsline innan økologisk landbruk (Sogn Jord- og Hagebruksskule).

[endre] Kjende personar

  • Absalon Pederssøn Beyer (1528-75), humanist, historikar, teolog, notar, slottsprest m.m., fødd i Skjerdal, studerte i København og Wittenberg, budde seinare i Bergen. Skreiv m.a. verket "Om Norgis Rige".
  • Per Sivle (1857-1904), forfattar og redaktør, fødd i Flåm, oppvaksen på Vossestrand, budde seinare i Drammen og Kristiania.
  • Johannes Vinjum (1930-91), kunstmålar og grafikar, fødd og oppvaksen på Aurlandsvangen, budde seinare i Oslo.

[endre] Verd å vitja

[endre] Litteratur

  • Ohnstad, Anders, 1962: Aurland Bygdebok I, Fram til om lag 1920.
  • Ohnstad, Anders og Anna Gjerløw, 1964: Aurland II. Ættebok fram til om lag 1900.
  • Ohnstad, Anders, 1990: Aurland III. 1835-1985.
  • Ohnstad, Anders, 1988: Gardssoga for Aurland I, Vassbygdi og fjellgardane.
  • Ohnstad, Anders, 1994: Gardssoga for Aurland II, Frå Skjerdal til Tero.
  • Ohnstad, Anders, 1996: Gardssoga for Aurland III, Frå Loven til Frondalen.
  • Indrelid, Svein, 2003: Soga om Flåm I, Bygdi.
  • Indrelid, Svein, 2007: Soga om Flåm IIA, Gard og ætt - Fretheim til Geisme.
  • Vinjum, Erlend, 2004: Aurland. Stadnamn og kulturhistorie.
  • Thyri, Hans H., 2006: Aurlandsvegen.
  • Ohnstad, Åsmund, 2006: Undredal og Nærøy. Gard og ætt.

[endre] Eksterne lenkjer

Commons har multimedia som gjeld: Aurland


Sogn og Fjordane
Sogn: Aurland | Balestrand | Gulen | Hyllestad | Høyanger | Leikanger | Luster | Lærdal | Sogndal | Solund | Vik | Årdal

Sunnfjord: Askvoll | Bremanger | Fjaler | Flora | Førde | Gaular | Jølster | Naustdal
Nordfjord: Eid | Gloppen | Hornindal | Selje | Stryn | Vågsøy  

Globus Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over geografispirer.

Personlege verktøy