Néstor Kirchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Néstor Kirchner

Néstor Carlos Kirchner (25. februar 195027. oktober 2010) var ein argentinsk politikar, som var president i Argentina frå 25. mai 2003 til 10. desember 2007.

Kirchner vart fødd i Río Gallegos i Santa Cruz-provinsen sør i Argentina. Han avslutta jus-studiar ved Universidad Nacional de La Plata i 1976. Han var tidleg aktiv i peronist-partiet Partido Justicialista. Frå 1991 til 2003 var han guvernør i Santa Cruz-provinsen. Han stilte til val som president ved valet den 27. april 2003, som kandidat for Frente para la Victoria (Fronten for siger), som formelt var ein fraksjon av Partido Justicialista. Dette var det første presidentvalet etter den økonomiske krisa som ramma Argentina i 2001. I første valrunde kom han på andreplass med 22,2 % av røystene, litt over 2 prosentpoeng bak den tidlegare presidenten Carlos Menem. Men Menem valde å trekkja seg frå andre valrunde grunna den relativt låge oppslutninga han fekk i første valrunde, og Kirchner vart dermed automatisk president.

Kirchner vart rekna som moderat venstreorientert. Landet har opplevd kraftig økonomisk vekst i presidentperioden hans, riktignok frå eit svært lågt utgangspunkt etter krisa i 2001.

Néstor Kirchner valde å ikkje stilla til val for ein ny presidentperiode ved valet den 29. oktober 2007. I staden støtta han kandidaturet til kona si, Cristina Fernández, som vann.