NGC 1300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| NGC 1300 | |
Hubble-bilete av NGC 1300 |
|
| Observasjonsdata (epoke J2000) | |
|---|---|
| Stjernebilete | Floda |
| Rektasensjon | 03t 19m 40,80s[1] |
| Deklinasjon | -19° 24′ 40,0″[1] |
| Avstand | 69 millionar lysår |
| Type | stavspiralgalakse |
| Serskilde trekk | veldefinert stavspiralgalakse |
| Sjå òg: Galakse, lista over galaksar | |
NGC 1300 er ein stavspiralgalakse som ligg rundt 69 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda. Han er rekna for å vera prototypisk for stavspiralgalaksane. Galaksekjernen til NGC 1300 har sin eigen spiralstruktur omtrent 3300 lysår lang. Berre veldefinerte stavspiralgalaksar, slik som NGC 1300, ser ut til å ha slike.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2005-01 frå Space Telescope Science Institute.