NK 538-539

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NK 538-539 er frimerka som vart utgjevne 5. august 1963 for å minnast hundreogfemtiårsdagen for fødselen til språkforskaren og diktaren Ivar Aasen. Frimerka har den nynorske namneforma Noreg, og det var den andre frimerkeserien som kom ut med denne namneforma. Desse frimerka er tofarga og viser eit portrett av diktaren. Frimerka er utforma av Fredrik Matheson.

  • NK538 50 øre brunraud og grå (opplag: 6 331 000)
  • NK539 90 øre blå (opplag: 1 721 000)

Det raude frimerket hadde ein verdi som høvde for vanleg brevpost innanfor Norden, medan det blå frimerket hadde ein verdi som høvde for vanlege brev til andre land i Europa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]