NORDEFCO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NORDEFCO

Skipa4. november 2009
Nettstadhttp://www.nordefco.org

NORDEFCO (Nordic Defence Cooperation, 'Nordisk Forsvarssamarbeid') er eit nordisk forsvarssamarbeid mellom Noreg, Sverige, Finland, Island og Danmark.

Nordisk råd har dei siste åra sett eit større fokus på forsvarssamarbeid i Norden på dagsordenen, og fylgjer utviklinga i NORDEFCO tett.[1]

I 2023 har Sverige formannskapet i NORDEFCO.[2][3]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidet vart stadfesta igjennom eit memorandum of understanding mellom dei fem nordiske landa som vart skrive under den 4. november 2009.[4] NORDEFCO var ei samanslåing av tre tidlegare samarbeidsavtalar; NORDSUP, NORDAC, og NORDCAPS. Samarbeidet vert likevel ikkje rekna som ein militærallianse.

Hugskotet bak NORDEFCO skal truleg ha kome fram igjennom samtalar mellom den svenske generalen (ÖB) Håkan Syrén og den norske generalen Sverre Diesen.[5] Rapporten til Thorvald Stoltenberg frå 2009 med temaet utanriks- og tryggingspolitikk innanfor det nordiske samarbeidet skal òg ha vore eit viktig bidrag for kva mogleikar som låg til grunn for eit tettare samarbeid på dette området.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Eit hovudmål for NORDEFCO er å verna og vidareutvikla dei militære i Norden og dei operative evnene igjennom kostnadseffektivt samarbeid. Samarbeidet spenner over heile spekteret frå tryggings- og forsvarspolitikk til kapabilitetsutvikling og operative innsatsar.

Samarbeid om trening og øvingar aukar stadig. Byråkratiske og praktiske hinder for samarbeid på tvers av grensene vert bygde ned.[6]

Sidan militærutgifter stig, med høgare kostnader per eining, vil ein på eit tidspunkt nå det ein kallar eit «Critical Mass Problem». Dette inneber at eininga – i denne samanhengen til dømes ei våpengrein, slik som ubåtar – når eit punkt der ein kan tvila på effektiviteten ved å halda eininga operativ. Ein har dimed to moglege alternativ for å hindra dette problemet. Det eine er spesialisering, til dømes å droppa ei våpengrein, den andre mogleiken er ei tettare integrering. Sistnemnde er det NORDEFCO freistar å vera. Når militærutgifter aukar, på grunn av aukande avanserte teknologiar og utstyr, er små land nøydde til å samarbeida for framleis halda oppe eit moderne forsvar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

NORDEFCO er ikkje ein organisasjon, men eit samarbeide. Avtalar vert vurderte multilateralt og det er inga plikt for nokon av medlemene å godtaka nye avtalar. Samarbeidet er friviljug. Det finst inkje hovudkontor, og spurdagar rundt NORDEFCO går til forsvarsdepartementet eller forsvaret i dei respektive land.

Det militære samarbeidet er delt inn i fem samarbeidsområde:[7]

  • Strategic Development (COPA SD)
  • Capabilities (COPA CAPA)
  • Human Resources & Education (COPA HR&E)
  • Training & Exercises (COPA TR&EX)
  • Operations (COPA OPS)

NORDEFCO har også eit fokus på samarbeid i forsvarsindustrien mellom dei nordiske landa.[8] Denne delen går under namnet ALCS (Acquisition & Life Cycle Support) og kan sjåast på som materiellsamarbeidet i NORDEFCO.[9]

Kjente samarbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Arctic Fighter Meet – 18 kampfly i øving over Bodø, mai 2013.[10]
  • Cross Border Training – CBT inneber at dei nordiske landa øver saman i luftrommet til kvarandre utan at det må søkjast om løyve i kvart einskilt tilfelle.[11][12]
  • Artillerisystemet Archer – eit samarbeid mellom Noreg og Sverige.[13]
  • Arctic Challenge Exercise

NORDEFCO arrangerer òg ei rekkje kurs for militæret, politiet og det sivile. I 2013 arrangerte dei 28 ulike kurs.[14] I 2010 vart det gjennomført 48 felles øvingar, og det var planlagt meir enn 120 i 2012.[15]

Når det gjeld innkjøp av militært utstyr, slik som CV 90, NASAMS og HUGIN, skal dette ha gjeve store innsparingar igjennom samarbeidet.[15]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hela Norden i Nato: ”En ny era för nordiskt försvar”», www.norden.org (på svensk), henta 29. september 2023 
  2. «New vision for Nordic defence cooperation a priority during Sweden’s 2023 chairmanship of NORDEFCO». Nordefco.org (på engelsk). Henta 1. juni 2023. 
  3. «New vision for Nordic defence cooperation a priority during Sweden’s 2023 chairmanship of NORDEFCO». Government.se (på engelsk). 23. februar 2023. Henta 1. juni 2023. 
  4. NORDEFCO MoUMemorandum of understanding, den grunnleggande avtalen for samarbeidet.
  5. Jørg Willy Bronebakk. (20. mars 2013). Riksdagens planeringskommisjon for forsvarsinformasjon: Seminarets tema - Nordisk forsvarssamarbeid nå og i fremtiden. Seminar i Riksdagen.
  6. Forsvarsdepartementet (17. mars 2023), «Nordisk forsvarssamarbeid - NORDEFCO», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. september 2023 
  7. «The Cooperation Areas - Nordefco», www.nordefco.org, henta 29. september 2023 
  8. Forsvarsdepartementet (6. november 2012), «Tettere nordisk samarbeid», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. september 2023 
  9. «COPA Armaments - Nordefco», www.nordefco.org, henta 29. september 2023 
  10. Trellevik, Mads René (24. mai 2013), «18 kampfly skal øve over Bodø», Rana Blad (på norsk), henta 29. september 2023 
  11. Forsvarsdepartementet (15. mars 2013), «Nordisk forsvarssamarbeid gir gode resultater», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. september 2023 
  12. «NORDIC AIR CHIEFS’ MEET 2012», blogg.forsvarsmakten.se, henta 29. september 2023 
  13. Leraand, Dag. NORDEFCO i Store norske leksikon. Henta 29. september 2023.
  14. Courses 2013 – eit pdf av NORDEFCO.
  15. 15,0 15,1 «Nytt samarbete med Lettland i Afghanistan | SvD Debatt». Svenska Dagbladet (på svensk). 7. september 2012. ISSN 1101-2412. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Opplysingar om NORDEFCO
Forskingsartiklar