Nadelhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°06′31.5″N 7°51′51″E
Nadelhorn
fjell
none  Nadelhorn (midten) og Nadelgrat
Nadelhorn (midten) og Nadelgrat
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 327 moh
skardhøgd 206 m ↓  Lenzjoch
dominans 1,7 km → Dom
koordinatar 46°06′31.5″N 7°51′51″E
Lettast tilkomst nordaustegga frå Windjoch
Førstestiging av Franz Andenmatten, Baptiste Epiney, Aloys Supersaxo, J. Zimmermann
 - dato 16. september 1858
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Nadelhorn er eit 4 327 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits i kantonen Valais og høyrer til Mischabelgruppa, det nest høgste fjellmassivet i Sveits etter Monte-Rosagruppa.

Nadelhorn er det høgste punktet i fjellrekka Nadelgrat («nålegga»), ein høgfjellsrygg som strekker seg om lag beint nord–sør ovan om turiststaden Saas-Fee i aust, og dalen Mattertal i vest. Dei tre eggene eller ryggane samlar seg i skarp topp som liknar på ei nål (på tysk:Nadel) når ein ser fjelltoppen frå nord. Topp-punktet er så lite at berre få klatrarar kan opphalde seg der samstundes. Dei andre fjelltoppane på Nadelgrat er Stecknadelhorn og Hohberghorn.

Fjellet vart klive fyrste gongen 16. september 1858. Franz Andenmatten, Baptiste Epiney, Aloys Supersaxo og J. Zimmermann var dei fire i klatregruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]