Mattertal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Restane etter Randarasa i 1991, oppfor landsbyen Randa i Matterdalen.
Weisshorn oppfor Matterdalen (bakgrunnen).

Matterdalen eller Mattertal ligg sørvest i Sveits, sør for Rhônedalen i kantonen Valais. Landsbyen Zermatt er den viktigaste busetnaden i dalen, som er omgjeve av fleire fjell over 4000 moh, som Matterhorn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dalen ligg i Wallis-Alpane og vert drenert av Matter Vispa, ei sideelv til Rhône. Sjølve dalen endar ved Stalden der han møter Saasdalen. Den vidare dalen held fram nokre kilometer til han når byen Visp og den øvre delen av elva Rhône. Dalen startar mellom dei høge toppane sør for Zermatt (Monte Rosa, Matterhorn) på grensa til Italia. Den øvre delen er bredekt og den nest største isbreen i Alpane, Gornerbreen ligg ved foten av Monte Rosa (4 634 moh), medan Zmuttbreen ligg ved foten av Matterhorn (4 478 moh). Kring landsbyen Randa ligg Weisshorn (4 505 moh) og Dom (4 545 moh). Høgdeskilnaden mellom talweg og toppane på begge sider er over 3 km. Dalen er totalt om lag 40 km lang.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Zermatt (1 600 moh), med om lag 5 600 innbyggjarar, er den største og høgastliggande byen i dalen. St. Niklaus følgjer med 2 400 innbyggjarar. Mellom dei ligg dei mindre landsbyane Täsch og Randa. Landsbyane Grächen, Embd og Törbel ligg oppfor dalen. Stalden ligg i enden av dalen på 800 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°05′N 7°48′E