Monte Rosa
| Monte Rosa | |
| Fjellkjede | |
|
Dufourspitze (venstre) og Lyskamm (midten)
|
|
| Land | |
|---|---|
| Regionar | Valais, Piemonte, Aostadalen |
| Del av | Wallis-Alpane, Alpane |
| Høgaste punkt | Dufourspitze |
| - høgd | 4 634 moh |
| - koordinatar | |
Monte Rosa er eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i Italia (Piemonte og Aostadalen) og Sveits (Valais). Dufourspitze er den høgaste toppen i Monte Rosa-massivet og det høgaste fjellet i Sveits med ei høgd på 4 634 meter over havet.
Namnet kjem ikkje frå det italienske ordet «rosa» (som har same tyding på norsk) som mange trur, men frå det frankoprovsensalske ordet roisa som tyder «isbre». [1]
På klåre dagar, som ein ofte har her, er Monte Rosa-massivet eit flott syn frå Posletta, særleg i dei øvre områda vest i Lombardia og aust i Piemonte. Det dominerer horisonten og tårnar opp omkring dei mindre alpetoppane i nærleiken. Utsikta er særleg vakker frå Malpensa internasjonale flyplass.
Det ligg fleire skistader rundt Monte Rosa-massivet. Plateau Rosa i ei høgd på om lag 3 500 meter er eit kjend sommerskisenter med permanent snødekke året rundt på grunn av høgda. Ein kan nå skisenteret med taubane frå Cervinia. Andre skisenter i omegnen er Zermatt, Gressoney, Champoluc, Alagna Valsesia og Macugnaga. Monte Rosa er ikkje vanskeleg å nå toppen av, men kan vere utfordrande nok og farlege for uerfarne folk, særleg på grunn av brå vêrendringar og bresprekker.
Innhaldsliste |
Fjelltoppar [endre]
- Dufourspitze (4 634 m)
- Ostspitze (4 632 m)
- Grenzgipfel (4 618 m)
- Nordend (4 609 m)
- Zumsteinspitze (4 563 m)
- Signalkuppe (Punta Gnifetti) (4 554 m)
- Silbersattel (4 515 m)
- Grenzsattel (4 453 m)
- Parrotspitze (4 432 m)
- Ludwigshöhe (4 341 m)
- Schwarzhorn (4 322 m)
- Vincent-Pyramide (4 215 m)
- Balmenhorn (4 167 m)
- Punta Giordani (4 046 m)
Isbrear [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Monte Rosa Massif» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Italia/Piemonte, aree turistiche. Kataweb. Vitja 3. desember 2006.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Bilete av Monte Rosa frå den italienske sida
- Bilete, inkludert panorama, av Monte Rosa frå den sveitsiske sida
- Rundt Monte Rosa
- Freeride route from Monte Rosa med kart og bilete
- Monte Rosa på Flickr
|
|
|
|---|---|
| Asia | K2 (8611 moh) |
| Sør-Amerika | Ojos del Salado (6893 moh) |
| Nord-Amerika | Mount Logan (5959 moh) |
| Afrika | Mount Kenya (5199 moh) |
| Europa | Dykh-Tau (5205 moh) eller Monte Rosa (4634 moh) |
| Antarktis | Mount Tyree (4852 moh) |
| Australia (Oceania) | Puncak Mandala (4760 moh) eller Puncak Trikora (4730 moh) eller Mount Townsend (2209 moh) |