Nasjonalparkar på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
National Park er namnet til ein busetnad og jarnvegsstasjon nær Tongariro National Park.
Kart over New Zealand med nasjonalparkane teikna inn med grønt.

Nasjonalparkane på New Zealand er 14 verna landområde som vert administrerte av det newzealandske Miljødepartementet, Department of Conservation[1] «til nytte, bruk og glede for folket»[2]. Dei er populære turistmål, og tretti prosent av turistar vitjar minst ein nasjonalpark under opphaldet på New Zealand[3]. Sjølv om nasjonalparkane inneheld nokre av dei vakraste landskapa på New Zealand, fokuserte dei første berre på fjell-landskap. Sidan 1980-talet har ein konsentrert seg meir om å få fram meir varierte landskapsformer karakteristiske for New Zealand i nasjonalparkane[4]. Nasjonalparkane på New Zealand er alle kulturelt viktige, mange har også historisk verdi[5]. Særleg er Tongariro National Park ein av 27 verdsarvstadar som både er kulturelt og naturmessig viktige, og fire av nasjonalparkane på Sørøya utgjer Te Wahipounamu, ein annan verdsarvstad.

Nasjonalparklova (National Parks Act)[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparklova av 1980 vart vedteken for å ordna opp i føremål med, styring og utveljing av nasjonalparkar. Lova innleier med å definera ein nasjonalpark:

«Med dette vert det kunngjort at vedtektene i denne lova skal
føra til varig vern av nasjonalparkar,
for deira ibuande verdi og til nytte,
til bruk og til glede for folket,
og at område på New Zealand som
inneheld landskap av ein så særeigen kvalitet, med økologiske system,
eller natureigenskapar så vakre, så eineståande eller av så stor vitskapleg interesse
at det er i nasjonen si interesse å ta vare på dei.»

National Parks Act 1980, Part 1, section 4, subsection 1
[6]

Nasjonalparklova stadfester at publikum har fri tilgang til å koma inn i parkane, men at dette er underlagt restriksjonar for å sikra bevaring av innfødde dyr og plantar og den generelle tilstanden i parken. Tilgang til særskilt verna område (550 km²) oppretta under lova, skjer berre med særskilt løyve. I medhald av lova skal nasjonalparkane oppretthaldast i uendra tilstand så langt råd er, for å ta vare på dei verdiane dei har som verneområpde for jord, vatn og skogar. Opphavlege plantar og dyr skal takast vare på, og innførde plantar og dyr skal fjernast dersom dei er til skade for det naturlege dyrelivet. Utvikling av villmarksområde som er oppretta etter denne lova, er avgrensa til turstiar og hytter til bruk for kontroll med ville dyr og til vitskapleg forsking.

Tilgjengelege tenester til allmenn bruk[endre | endre wikiteksten]

Lova tillet Miljøverndepartementet å byggja vandrarheimar, hytter, leirplassar, vegar og turstiar i parkane. I tillegg til dette sørgjer departementet òg for overnatting, transport og andre tenester ved inngangspunkt til parkane, men dette vert i tillegg også tilbode av andre offentlege etatar, frivillige organisasjonar og private firma. Meir omfattande tenester inne i parkane, som til dømes guida turar og skiopplæring vert drive av private verksemder med løyve frå departementet.

Nasjonalparkar på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Egmont National Park (det skogkledde området).
Turistattraksjonen Milford Sound, den mest kjende av fjordane i Fiordland National Park.
Nasjonalpark Område Oppretta Plassering Skildring
Te Urewera National Park  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal2 127 km² 1954 38°45′″S 117°9′″E Saman med den tilgrensande Whirinaki Forest Park har Te Urewera den største attverande naturlege skogen på Nordøya. Lake Waikaremoana, som ligg i parken, er kjend for ei naturskjøn strandsone.
Tongariro National Park*  000000000000796.0000000000796 km² 1887 39°12′″S 175°35′″E Den første nasjonalparken på New Zealand, kjend som ein av dei 27 verdsarvstadane som både har framståande naturkvalitetar og kulturell verdi. Han vart gjeven til staten av Te Heuheu Tūkino IV, og parken inneheld fleire stadar som māoriane held heilage, og tre aktive vulkanar, Ruapehu, Ngauruhoe og Tongariro.
Egmont National Park  000000000000335.0000000000335 km² 1900 39°16′″S 174°6′″E Denne parken består av landområdet innanfor ein radius på om lag ni kilometer ut frå Mount Taranaki/Egmont og nokre tilgrensande område mot nord. Den symmetriske kjegla til den kvilande vulkanen er eit dominerande landemerke.
Whanganui National Park  000000000000742.0000000000742 km² 1986 39°35′″S 175°5′″E Grensar til Whanganui River og inneheld område med statseigd land, tidlegare statsskogar og fleire tidlegare reservat.
Abel Tasman National Park  000000000000225.0000000000225 km² 1942 40°50′″S 172°54′″E Den minste nasjonalparken. Dette populære turistmålet har talrike tidevassviker og strender med gylden sand langs strendene i Tasman Bay. «Å gjera Abel Tasman» som fottur eller kajakktur er ein populær aktivitet.
Kahurangi National Park  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal4 520 km² 1996 41°15′″S 172°7′″E Ligg nordvest på Sørøya. Kahurangi inneheld spektakulært og avsidesliggjande landskap, og også den mykje nytta tur-ruta Heaphy Track. Gamle landformer og eineståande flora og fauna er tilleggsverdiar i denne, den nest største nasjonalparken på New Zealand.
Nelson Lakes National Park  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal1 018 km² 1956 41°49′9″S 172°50′15″E Eit ulendt og fjellendt område i regionen Nelson. Det strekkjer seg sørover frå dei skogkledde strendene til Lake Rotoiti og Rotoroa til Lewis Pass National Reserve.
Paparoa National Park  000000000000306.0000000000306 km² 1987 42°5′″S 171°30′″E Ligg på vestkysten av Sørøya mellom Westport og Greymouth. I parken ligg dei kjende Pancake Rocks ved Punakaiki.
Arthur's Pass National Park  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal1 144 km² 1929 42°57′″S 171°34′″E Eit ulendt og høgtliggjande område som strekkjer seg over Søralpane.
Westland Tai Poutini National Park*  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal1 175 km² 1960 43°23′″S 170°11′″E Strekkjer seg frå dei høgaste fjelltoppane i Søralpane til ei vill kystlinje. I parken finst isbrear, naturskjøne innsjøar, tette regnskogar og leivningar av gamle gullgravarbyar langs kysten.
Aoraki/Mount Cook National Park*  000000000000707.0000000000707 km² 1953 43°44′″S 170°6′″E Ein alpin park som omfattar det høgaste fjellet på New Zealand, Aoraki/Mount Cook (3 754 m), og den lengste isbreen, Tasman Glacier (29 km). Ein populær stad for fjellklatring, skigåing og turflyging; parken er eit område med eineståande nartuvenleik.
Mount Aspiring National Park*  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal3 555 km² 1964 44°23′″S 168°44′″E Eit kompleks av glasialt fjellandskap som omkransar Mount Aspiring/Tititea (3 036 m), det høgaste fjellet på New Zealand utanom Søralpane.
Fiordland National Park* Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal12 519 km² 1952 45°25′″S 167°43′″E Den største nasjonalparken på New Zealand, og ein av dei største i verda. Parken dekkjer det sørvestlege hjørna av Sørøya. Det storslåtte landskapet med djupe fjordar, bresjøar, fjell og fossefall, gjer han til eit populært turistmål.
Rakiura National Park  Feil i uttrykket: Uventa talFeil i uttrykket: Uventa tal1 500 km² 2002 46°54′″S 168°7′″E Dekkjer om lag 85% av Stewart Island/Rakiura. Dette er den sist oppretta nasjonalparken.

* – Verdsarvstad eller del av ein slik.

Framlegg om ny nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Området kring Waipoua Forest, nord for Dargaville, har vorte føreslått som ein mogeleg Kauri National Park. Her veks dei fleste av dei attverande naturleg veksande kauritrea på New Zealand, mellom desse det største kjende kauritreet, Tāne Mahuta. Desse førekomstane av kauri er også verdfulle som tilhaldsstad for trua arter, som til dømes Nordbrunkiwi (Apteryx mantelli)[7]. Framlegget vert no gjennomgått i Miljøverndepartementet[8].

Framlegg om gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

I 2010 føreslo regjeringa på New Zealand å fjerna somme nasjonalparkar og verna område frå Schedule 4 i Crown Minerals Act som forbyr gruvedrift i desse områda[1]. I juli same året let regjeringa framlegget falla etter å ha motteke ei mengd innleveringar, der dei fleste gjekk mot gruvedrift.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cumming, Geoff (6 March 2010), Miners press to enter the green zone, http://www.nzherald.co.nz/pollution/news/article.cfm?c_id=281&objectid=10630166&pnum=0, henta 12. april 2012 
  2. 8. Benefit, Use and Enjoyment of the Public: General Policy for National Parks. doc.govt.nz. Department of Conservation. Vitja 20. mars 2012.
  3. International visitor numbers to larger national parks: Visitor statistics and research. doc.govt.nz. Department of Conservation. Vitja 20. mars 2012.
  4. National Parks Act 1980: DOC's role. doc.govt.nz. Department of Conservation. Vitja 20. mars 2012.
  5. 5. Historical and Cultural Heritage: General Policy for National Parks. doc.govt.nz. Department of Conservation. Vitja 15. april 2012.
  6. Henta frå http://www.legislation.govt.nz/act/public/1980/0066/10.0/096be8ed802f3e20.pdf den 15. april 2012
  7. Beehive — New Kauri National Park for Northland. beehive.govt.nz (15. oktober 2009). Vitja 12. april 2012.
  8. Minister welcomes progress on Kauri National Park. New Zealand Government (11. februar 2010). Vitja 12. april 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nasjonalparkar på New Zealand