Wyoming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wyoming
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Cheyenne
Areal 253 336 km²
 - land 251 489 km²
 - vatn 1 847 km²
Folketal 579 315  (2017)
Folketettleik 2 / km²
Guvernør Mark Gordon (R)
Før innlemming Territoriet Wyoming
Innlemma i USA 10. juli 1890
Statsnummer 44.
Forkorting WY
Kart
Wyoming
43°0′ N 107°30′ W
Wikimedia Commons: Wyoming
Nettstad: wyoming.gov

Wyoming er ein delstat i det vestlege USA. Han grensar til Colorado, Idaho, Montana, Nebraska, Sør-Dakota og Utah. Wyoming er den 10. største delstaten i USA i utstrekking, men den minst folkesette og den andre minst folketette. I 2007 hadde delstaten 522 830 innbyggjarar. Delstatshovudstaden og den største byen i Wyoming er Cheyenne. Wyoming blei innlemma i USA i 1890.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Wyoming er eit nært rektangelforma område med grenser langs breiddegraden 41°N og 45°N og langs lengdegradene 104°3'W og 111°3'W. To tredelar av staten er dekt av fjell- og åsområde ved føtene av Rocky Mountains. Resten tilhøyrer eit høgt steppeområde kalla High Plains.

Landskap i Wyoming med utsyn over Hole-in-the-Wall i Big Horn Mountains. Staden blei brukt som tilfluktsstad for fredlause som Butch Cassidy og Sundance Kid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande delstaten Wyoming husa fleire amerikanske urfolksgrupper, mellom anna crow-, arapaho, lakota, shoshone- og utefolk. Innvandringa av nybyggjarar frå midten av 1850-talet skapte konfliktar og førte til fleire slag og trefningar, mellom anna Black Hills-krigen i 1876-77. Det var også konfliktar mellom eigarar av storfeflokkar og småbønder som kulminerte i Johnson County-krigen i 1892. Denne krigen, og lokale forbrytarar som Butch Cassidy og Sundance Kid, bidrog til å skapa mytene om Ville Vesten.

Under kolonitida var Wyoming eit grenseområde delt mellom Spansk Amerika, Britisk Nord-Amerika og det franske Louisianaterritoriet. 25. juli 1868 blei Wyomingterritoriet laga av Kongressen. I 1869 vart Wyoming den fyrste amerikanske staten som gav kvinner allminneleg stemmerett. Dette var delvis eit forsøk på å skaffe seg nok stemmeberettiga til å bli innlemma som eigen stat i USA. Wyoming vart innlemma som eigen stat 10. juli 1890, som den 44. delstaten i USA. Seinare fekk Wyoming også den første kvinnelege delstatsguvernøren i landet, Nellie Tayloe Ross.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]