Nassau på Bahamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nassau
Nassau sett frå Fort Charlotte i 1984
Nassau sett frå Fort Charlotte i 1984
Nassau sett frå Fort Charlotte i 1984
Styresmakter
Land
Øy
Bahamas
New Providence
Gjenoppbygd 1695
Geografi
Flatevidd 207 km²
Flatevidd
 - By

207 km²
Innbyggjarar
 - By (2000)
   - folketettleik

210 832
  1 019/km²
Koordinatar 25°4′″N 77°20′″WKoordinatar: 25°4′″N 77°20′″W
Høgd over havet 10 m
Diverse anna
Heimeside: www.bahamas.gov.bs
Plassering
For andre tydingar av ordet, sjå Nassau

Nassau er hovudstad og kommersielt senter på Bahamas. Byen har eit folketal på like over 200 000, og om lag 70 % av heile folkesetnaden på Bahamas.

Lynden Pindling internasjonale flyplass, den store flyplassen for Bahamas, ligg om lag 15 kilometer vest for sentrum, og har daglege flygingar til storbyar i USA, Canada, Storbritannia og Karibia.

Nassau var tidlegare Charles Town, men vart brend til grunne av spanjolane i 1684, og seinare bygd opp att med namnet Nassau i 1695 til ære for Kong William III (tidlegare Prins av Orange-Nassau)

Byen ligg på øya New Providence, og har ei vakker hamn der den gamle koloniarktitekturen er blanda med nyare bygg. Det tropisk klimaet og dei naturskjønne omgivnadane har gjort Bahamas til ein populær turistattraksjon, med rykte for avslappande dagar og spanande natteliv.

Temperaturane på somarstid stig sjeldan over 33 °C, og om vinteren held dagtemperaturen seg mellom 20 og 26 °C, og går sjeldan under 10 °C.

Byen ligg berre 290 km frå Miami i Florida, USA, noko som òg har medverka til turismen, særleg etter forbodet mot amerikanske reiser til Cuba tredde i kraft. Den verdskjende feriekomplekset Atlantis på den nærliggande Paradise Island, og står for ein stor del av turismen på øya. Komplekset gjev òg jobb til over 6 000 bahamanarar.

Byen er åstad for Junkanoo, ein energisk og fargerik gateparade med dansande folk i fargesprakande kostyme. Feiringa pågår 26. desember og 1. januar, frå tidleg morgon til seint på kveld.