Navreduksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Navreduksjon på framakselen på ein John Deere 3350 traktor.

Navreduksjon er eit reduksjonsgir plassert i nava på drivhjula på lastebilar, anleggsmaskinar, skogsmaskinar og andre terrengkøyretøy. Traktorar med firehjulsdrift har ofte navreduksjon på framakselen, nokre òg på bakakselen. Navreduksjonen er oftast utført som eit planetgir. Føremonen med navreduksjon er at dreiemomentet vert mindre og dimensjonane på differensialen vert mindre, noko som fører til større frigangshøgd.