Nebbmunnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nebbmunnar


Carpocoris fuscispinus
Carpocoris fuscispinus

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Hemiptera
Vitskapleg namn
Hemiptera

Nebbmunnar (Hemiptera) er ei orden insekt som vert kjenneteikna av eit ledda nebb rostrum. Dei finst i så godt som alle tenkjelege habitat over heile verda, og det er kjend om lag 85 000 artar. Norsk Entomologisk Forening reknar med at 1 320 av dei førekjem i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Det fremste kjenneteiknet til nebbmunnane er nebbet som har gjeve gruppa det norske namnet sitt. Dette er stikkande og sugande munndelar som saman dannar ein ledda «sugesnabel». Det latinske namnet Hemiptera («halv-vengjer») spelar på at dei fleste artane i gruppa har vengjer som er harde og sklerotiserte ved basis og membranøse på nedste halvdel. Protonum, ryggskjoldet på første segment, er stort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.