Neptunisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abraham Gottlob Werner (1749-1817) grunnla neptunismen.

Neptunisme er ein forelda geologisk teori, som særleg vart fremma av tyskaren Abraham Gottlob Werner på 1700-talet. I følgje teorien var alle bergartar danna ved utfelling eller sedimentasjon i havet. Til dømes meinte han at syndefloden til Noah medførte at det vart lagt nye berglag på jorda.

James Hutton og andre gjekk imot teorien og påviste at nokre bergartar, som til dømes basalt, måtte vere danna av krystallisasjon av smelta steinmassar. Teorien deira vart kalla plutonisme. Dette medførte til ein livleg strid mellom «neptunistane» og «plutonistane».

Teorien er kalla opp etter Neptun, den romerske havguden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]