James Hutton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Hutton.gif

James Hutton (fødd 3. juni 1726 i Edinburgh, død 26. mars 1797) var ein skotsk geolog. Han etablerte den retninga innanfor geologien som vert kalla plutonisme og vert òg rekna som grunnleggjaren av moderne geologi.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hutton byrja å studere jus ved universitetet i heimbyen og fekk i studietida ein lidenskapeleg dragning mot naturvitskapleg forsking. I staden for å fullføre advokatutdanninga, valde han å satse på medisin, som han syntest låg nærare favorittfaget kjemi. Han studerte så medisin i Edinburgh i tre år og fullførde deretter studiet i Paris. I 1749 tok han ein doktorgrad i medisin i Leiden i Nederland.

Han såg likevel ikkje føre seg ei framtid i medisinen og etter å ha arva ein landbrukseigedom i Berwickshire, valde han å satse på gardsdrift. Etter eit opphald i Norfolk der han lærde praktisk landbruk, reiste han til Nederland, Belgia og Nord-Frankrike. I desse åra byrja han å interessere seg for berggrunnen og jordoverflata.

I 1754 slo han seg så ned på garden i Berwickshire og dreiv han opp til eit mønsterbruk over ein periode på 14 år. Garden var då kome i ein slik stand at Hutton ikkje lenger såg dei same utfordringane i vidare drift, så han forpakta garden bort og flytta til Edinburgh, der han skulle bli buande resten av livet saman med tre systrer.

Geologisk forsking[endre | endre wikiteksten]

James Hutton, måla av Abner Lowe

På denne tida fanst knapt geologi som eige fag – derimot var mineralogiein i rask utvikling. Men Hutton hadde eit større siktemål enn å studere mineral. Han avgjorde seg for å prøve å spore opp minerala sine og opphavet til bergartene og dermed få ei forståing av historia til jorda. Dette spørsmålet arbeidde han med i mange år, til han i 1785 leverte ei avhandling til det nystifta Royal Society of Edinburgh med tittelen Theory of the Earth, or an Investigation of the Laws Observable in the Composition, Dissolution and Restoration of Land upon the Globe.

I dette merkverdige verket vart doktrinen om at geologi ikkje omhandlar om skapinga av universet, men må omhandle studiet av dei materialane som jordskorpa er bygd opp av. Dagens bergarter er i stor grad danna av brotstykke av eldre bergarter som er vorte liggjande på havbotn og desse er igjen vorte herda til fast fjell under stort trykk. Herfrå er dei nydanna bergartene vorte løfta opp av energien frå varmen til det indre i jorda og under denne prosessen er laga vorte skråstilte, samstundes som massar av smelta stein er trengt opp gjennom dei. Så snart dei heva bergartene er kome over havnivå, byrjar nedbrytinga, som fortset like til alt land er jamna ut til havnivå eller ny heving finn stad.

Med denne konsistente teorien om det geologiske krinslaupet etablerte Hutton det paradigmet som vert kalla plutonismen, som med tida skulle gå sigrande ut av strida med neptunistane, som hevda at alle bergarter var danna ved utfelling eller sedimentasjon i havet.

Italienske geologar hadde tidlegare vore inne på liknande tankar, men det er Hutton si forteneste at han har kombinert dei ulike prosessane i éin samanhengande teori basert på observasjonar. Hutton dreiv eit omfattande feltarbeid over store delar av Skottland i fleire tiår. Ein av dei mest kjendelokalitetane hans er diskonformiteten ved Siccar Point og denne er på grunn av Hutton vorte ein av dei mest kjende geologiske lokalitetane i verda.

Eit av dei geologiske karta til Hutton.

På dei eldre dagane sine arbeidde Hutton med ei utviding av Theory of the Earth. Han kom i ny utgåve i 1795 og hadde då fått eit tillegg av «Proofs and illustrations». Huttons geologiske kart og akvarellar og teikningar av geologiske lag er reine kunstverk. Ei tredje utgåve fanst i følgje biografen til Hutton, John Playfair, i manuskript då han døydde. Ein del av dette vart publisert av Geological Society i London i 1899. Resten av manuskriptet ser ut til å vere gått tapt.

Sjølv om Theory of the Earth må reknast som eit gjennombrot i utviklinga av geologien som forskingsområde, er stilen til Hutton tung og vanskeleg tilgjengeleg. Difor fekk heller ikkje boka den merksemda han fortente i levetida hans. Etter Hutton døydde tok venen John Playfair, professor i matematikk ved universitetet i Edinburgh, på seg oppgåva å utgje ei omarbeidd utgåve av verket. Illustrations of the Huttonian Theory of the Earth kom i 1802 og er vorte eit standardverk i geologisk faglitteratur, takka vere kombinasjonen av dei revolusjonerande teoriane til Hutton og den elegante stilen og lysande formidlingsevna til Playfair. I 1805 kom biografien til Playfair over James Hutton.

Anna forsking[endre | endre wikiteksten]

Det var ikkje berre den faste jorda som opptok Hutton. Theory of the Earth inneheldt òg ein Theory of Rain, som vart målbore for Royal Society i 1784. Her hevdar Hutton at den mengda luftfukt som lufta kan innehalde, aukar med temperaturen. Difor må ei blanding av to luftmassar med ulik temperatur resultere i at noko fukt kondenserer og blir synleg. Han gjennomgjekk tilgjengelege data om nedbør og klima frå ulike stader på kloden og kom til den konklusjonen at nedbør over alt vert regulert av ein kombinasjon av luftfukt og strøymingar i øvre luftlag som fører ulike luftmassar saman.

Hutton har levert bidrag til utforsking av naturen på ei lang rekkje område. I eit verk han kalla Dissertations on different Subjects in Natural Philosophy handsamar han så ulike emne som naturen til materien, fluiditet, kohesjon, ljos, varme og elektrisitet.

Ikkje berre utforska han heilt forskjellige fysiske emne; han freista seg òg innan metafysikken. I An Investigation of the Principles of Knowledge and of the Progress of Reason-from Sense to Science and Philosophy hevdar han det standpunktet at den ytre verda, slik han blir oppfatta av oss, blir skapt i vårt eige indre av inntrykk utanfrå, men at det ikkje nødvendigvis må vere nokon likskap mellom biletet vårt av verda og verda slik han er.

Mot slutten av livet sette han seg føre å systematisere dei mange skriftene sine om landbruksspørsmål, som han planla å gje ut under tittelen Elements of Agriculture. Han hadde nestan fullført arbeidet då ein uhelbredeleg sjukdom sette ein stoppar for arbeidet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Theory of the Earth
  • Theory of Rain
  • Dissertations on different Subjects in Natural Philosophy
  • Elements of Agriculture

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James Hutton