Claudius I av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisar Claudius
Byste av Claudius I av Romarriket
Opphavleg namn Tiberius Claudius Drusus Nero Germanicus
Namn som keisar Tiberius Claudius Caesar Augustus Germanicus Pontifex Maximus
Regjeringstid 24. januar 41 -
13. oktober 54
Fødd 1. august 10 fvt i Lugdunum, Gallia
Død 13. oktober 54 i Roma
Dødsårsak Naturleg død
Etterfylgde Caligula av Romarriket
Etterfylgjar Nero av Romarriket

Claudius, Tiberius Claudius Drusus Nero Germanicus, fødd 1. august 10 fvt., død 13. oktober år 54. Claudius var den fjerde keisaren av Romarriket frå 24. januar 41, av den julisk-claudiske ætta. Claudius vart utropa til romersk keisar av pretorianargarden, nærast ved eit slumpehøve. Han etterfylgde Caligula av Romarriket. Han var den fyrste keisaren som ikkje vart fødd i Italia. Claudius vart fødd i Lugdunum i Gallia, som son av Drusus og Antonia Minor. Han var òg den fyrste keisaren som vart utnemnd av Pretorianargarden i motsetnad til det romerske senatet. Claudius synte seg å vera ein god keisar som lét byggja imponerande byggverk og tok nye provinsar opp i Romarriket. På Claudius si tid vart riket utvida mellom anna på dei britiske øyane. Kona Messalina har vorte skulda for mange illgjerningar. Claudius lét henne til slutt avretta. Claudius si andre kone, Agrippina d.y., forgifta han slik at han døydde i år 54. Ho ville sikra trona til sin son Nero av Romarriket. Ho hadde fått Nero i sitt fyrste ekteskap med Cnaeus Domitius Ahenobarbus.

Claudius vart ikkje rekna som noko keisaremne. Omdømet fortel at han leid av nokre vanskar med førleiken, og slekta hadde halde han utanfor alle offentlege embete til Caligula gjorde han til romersk konsul i 37. At han var noko vanfør, kan ha berga livet hans under utreinskingane i åra Tiberius og Caligula rådde. Det at han overlevde førde til at han vart utropa til keisar etter at Caligula vart snikmyrda i 41. Då var han den siste som var att på mannssida i heile slekta. Sjølv om han mangla politisk røynsle, synte han seg snart som ein dugande styrar. Medan han rådde voks imperiet, og romersk Britannia vart lagt under Roma. Han var personleg oppteken av lovverket, var til stades ved rettstingingar, gjerne så mange som tjue om dagen. Men han vart rekna som sårbar, særskild av adelen i Roma. Han var støtt tvungen til å rette opp stillinga si i høve til det romerske senatet, og avretta mange senatorar. I privatlivet leid han óg nederlag, og dette førte sistpå til at han vart forgifta. Desse hendingane skada omdømet hans hjå samtidshistorikarane, men nyare forsking har retta på dette.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.