Nesbru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nesbru er ein stad i Asker kommune som har fått namn etter Nes bru (Næs bro etter gamal skrivemåte), ei lita steinkvelvbru frå sist på 1700-talet over den vesle Neselva. Neselva har fått namn etter gardane Nes som ligg på høgdedraga mellom elva og sundet mot Nesøya. Namnet Nesbru på denne staden er etter måten ungt.

På Nesbru ligg Nesbru videregående skole, eit hotell og bygningar for handel- og kontorverksemder. Det internasjonale møbelkonsernet IKEA opna sin fyrste forretning utanfor Sverige på Nesbru; denne forretninga vart etter ei tid flytta til nytt, stort bygg på Slependen i Asker kommune, på tomta der forretninga framleis ligg, men i eit nytt og større bygg.

Særleg etter at ein av dei manuelle telefonstasjonane i Asker kommune fekk namnet Nesbru og hadde lokale i eit hus attmed Nes bru (telefonnettet i Asker kommune vart ikkje automatisert før i 1964), vart namnet Nesbru knytt til eit stort område ved at dei som telefonerte til abonnentar i området stendig fekk høyre namnet Nesbru som velkomstord av tenestefolka på sentralen når dei skulle be om at sambandet vart sett opp. Etter at det vart oppretta eit posthus med namnet Nesbru i nærleiken av Nes bru, slik at eit stort område fekk Nesbru som postadresse, vart denne namnebruken forsterka. Tidlegere hadde stroket hatt postadressa Billingstad eller Hvalstad, då dei næraste posthusa låg på stasjonane Billingstad og Hvalstad på Drammensbanen. Men sjølv om mange ser på Nesbru som eit større distrikt i Asker på grunn av postadressa, er Nesbru i lokal tale framleis ein stad med avgrensa storleik, og femnar soleis ikkje om til dømes Holmen, sjølv om postkontoret Nesbru vart flytta til Holmen etter ei tid. Som stad grensar Nesbru til stadane Holmen, Hvalstad, Billingstad og den luten av Slependen som ligg i Asker kommune.