Neuwied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neuwied
Fernblick.JPG
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Neuwied
Neuwied is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1653
Geografi
Flatevidd
 - By

86,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

66 750
  760/km²
Koordinatar 50°26′0″N 7°28′0″EKoordinatar: 50°26′0″N 7°28′0″E
Høgd over havet 60 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 56501–56567
Telefon-retningsnummer 02631, 02622
Bilnummer NR
Heimeside: www.neuwied.de

Neuwied er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Wied munnar ut i Rhinen ved den høgre breidda til Rhinen, 12 km nordvest for Koblenz, på jernbanelinja frå Frankfurt am Main til Köln.

Neuwied vart grunnlagd av grev Fredrik av Wied i 1653, nær landsbyen Langendorf, som vart øydelagd under trettiårskrigen. Sidan byen tok imot alle mogelege religiøse samfunn voks han raskt. Mellom anna søkte det herrnhutiske brorskapet tilflukt i byen.

Nær Neuwid har ein grav ut ein av dei største romerske festningane (castra) langs Rhinen.

I april 1797 slo den franske general Louis Lazare Hoche austerrikarane nær Neuwied, noko som var den første avgjerande suksessen i den franske revolusjonskrigen. Neuwied var heimbyen til Vilhelm av Wied som ei kort tid var konge av Albania i 1914.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Neuwied

Kjelder[endre | endre wikiteksten]