New Horizons
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New Horizons ved Pluto og Charon.
New Horizons vert skoten opp frå Cape Canaveral.
New Horizons er ein NASA-sonde på veg mot dvergplaneten Pluto. Den 478 kg tunge sonden vart feilfritt skoten opp 19. januar 2006 og vil vera det første romfartøyet til å passera Pluto og månane rundt. Etter plutopasseringa vil ein forsøka å passera éin eller fleire kuiperbelte-objekt. Den 28. februar 2007 passerte sonden Jupiter og returnerte detaljerte bilete av planeten og månane. New Horizons vil nå Pluto i juli 2015, og etter fullført oppdrag vil sonden bli den femte til å forlata solsystemet.
Viktige datoar [endre]
- 19. januar 2006: New Horizons vert skoten opp frå Cape Canaveral
- 13. juni 2006: New Horizons passerte asteroiden 132524 APL
- 28. februar 2007: New Horizons passerte Jupiter med ein avstand på 2,3 mill. km klokka 6:43 norsk tid
- 14. juli 2015: Sannsynleg passeringsdato av plutosystemet
- 2016-2020: Passering av eitt eller fleire kuiperbelteobjekt
Bakgrunnsstoff [endre]
- Nettstaden til prosjektet
- Informasjon om instrumenta om bord på New Horizons hos Institutt for teoretisk astrofysikk