Kuiperbeltet
Kuiperbeltet, også kalla Edgeworth-Kuiper-beltet, er ein region i solsystemet som strekk seg frå banen til Neptun på 30 AE til omtrent 55 AE frå Sola. Det liknar på asteroidebeltet men er mykje større; 20 gangar så vidt og 20 til 200 gangar så massivt. Som asteroidebeltet består det hovudsakleg av smålekamar (restar frå danninga av solsystemet) og minst ein dvergplanet; Pluto. Mens lekamane i asteroidebeltet for det meste er samansett av stein og metall, består Kuiperbelteobjekta stort sett av frosne flyktige stoff som metan, ammoniakk og vatn.
Sidan oppdaginga av det første Kuiperbelteobjektet (KBO) i 1992 har talet på kjende objekt stege til over tusen, og ein meiner at meir enn 70 000 KBO-ar med diameter på meir enn 100 km eksisterer i regionen.
| Smålekamar i solsystemet |
|---|
|
Vulkanusasteroidar · nærjordsasteroidar · hovudbeltet · jupitertrojanar · kentaurar · damokloidar ·neptuntrojanar ·kometar · transneptunske objekt (Kuiperbeltet • den spreidde skiva • Oortskya)
For andre objekt og regionar, sjå asteroidekategoriar, binærasteroidar, asteroidemånar, meteoroidar og solsystemet. |
| Solsystemet |
|---|
|
|
| Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
| planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
| smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
| Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |