New Model Army

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soldatens katekisme, New Model Armys «bibel»

New Model Army var den fremste av parlamentshærens sine styrkar under Den engelske borgarkrigen. Han bestod av profesjonelle soldatar leia av erfarne generalar, medan dei fleste andre hærstyrkar bestod av utskrivne eller hastig verva soldatar leia av adelsmenn utan militær opplæring. I tillegg til sine militære framgangar vart New Model Army også kjende for si strenge puritanisme.

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Hæren vart oppretta i 1645 av leiande parlamentarikarar med korleis borgarkrigen vart utkjempa. Trass i at dei samla sett hadde klart større styrkar enn rojalistane var dei fleste hæreingane samla av lokale grupperingar og kunne ikkje forflyttast over større avstandar utan omfattande desertering og kraftig svekking av kampmoralen. Vidare var mange av offiserane presbyterianarar, som av visse vart mistenkte for å ynskje fred med kong Karl I.

19. november 1644 annonserte parlaments-forsamlinga for dei austlege grevskapa at den ikkje lenger kunne finansiere styrkane sine. Parlamentet gav komitéen som hadde ansvaret for krigføringa, 'Committee of Both Kingdoms', ordre om å gå gjennom heile militærvesenet. 9. desember same året vedtok Underhuset Self-senying Ordinance, ei lov som forbaud medlemer av begge kammera å ha offisersstillingar.

6. januar 1645 presenterte komitéen opplegget for New Model Army, og utnemnte sir Thomas Fairfax til generalkaptein og sir Philip Skippon som generalsersjantmajor for infanteriet. Oliver Cromwell fekk kommandoen over kavaleriet. Da Self-denying Ordinance trådde i kraft i april 1645 måtte Cromwell gje frå seg kommandoen, men Fairfax fekk han inn att då ein annan offiser ynskte å emigrere; allereie i juni var Cromwell tilbake etter å ha fått dispensasjon.

Tidleg periode[endre | endre wikiteksten]

New Model Army hadde 22 000 soldatar, fordelt på elleve kavaleriregiment (6600), tolv infanteriregiment (14 400) og eitt dragonregiment (1000). Hærane som stod under jarlen av Essex, sir William Waller og jarlen av Manchester vart oppløyst og soldatane innlemma i New Model Army. Kavaleriet nådde raskt full styrke, men ein måtte rekruttere 7000 infanteristar frå område i sør og aust.

Regimenta vart utstyrt med raude uniformer. Kvar soldat fekk eit eksemplar av Soldatens katekisme, som forklarte regulativa og drillprosedyrane. Standardløna var åtte pence pr. dag for infanteriet og to shilling pr. dag for kavaleriet. Administrasjonen vart sentralisert, og det vart gjevne betre garantiar for forsyningar av mat, klede og utstyr. Kavaleristane måtte stille med eigne hestar, hovudgrunnen til at dei hadde tre gongar meir betalt enn infanteristane.

Cromwell satsa sterkt på å rekruttere puritanarar, og oppfordra til at ein song salmar før slaga. Hæren vart snøgt oppfatta som ein arnested for puritanismen, og fleire presbyterianske offiserar nekta å gjere teneste der.

Tidleg i hæren si historie gav prins Rupert dei tilnamnet Ironsides («jarnsidene»). Det vert ofte hevda at dette sikta til rustningane deira, men soldatane var einast utstyrt med vern av ler. Tilnamnet viser til soldatane sine evner til å hogge seg gjennom motstandarane sin rekker; New Model Army vart snøgt ein formidabel styrke.