Oliver Cromwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oliver Cromwell

Oliver Cromwell (25. april 15993. september 1658) var ein engelsk militærleiar og statssjef. Etter å ha leia opprøret mot det britiske monarkiet til siger var han statssjef, med tittlelen 'lord protector', over England, Skottland og Irland frå 16. desember 1653 til han døydde.

Han fekk ry som ein god militær leiar då han organiserte ei kavaleriavdeling for parlamentshæren, kalla 'Ironsides'. Han vart seinare leiar for New Model Army, som var viktig i sigeren til parlamentshæren over kong Karl I av England.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cromwell var fødd i Huntingdon i Cambridgeshire. Han studerte ved Sidney Sussex College i Cambridge, då eit nygrunna college med ei klar puritansk innstilling. Han forlet skulen utan eksamen, truleg på grunn av farens død.

1628-29 representerte Cromwell valkrinsen Huntingdon i parlamentet. I sin fyrste tale forsvara han ein radikal demokrat som i eit skrift hadde argumentert for å gje alle menn røysterett. Han merka seg elles ut som forsvarar av folk i The Fens, mot rike jordeigarar som ville jage fensbuarane vekk frå jorda si, for så å turke opp sumpmarka og skaffe seg ein vinst.

Kong Karl I oppløyste parlamentet i 1629 og herska dei neste elleve år utan parlament. Kongen støytte frå seg mange gjennom sin politikk for auka skattar utan parlamentsvedtak, og for å tvinge sin katolskinspirerte protestantisme på den engelske kyrkja. I 1640 samankalla kongen parlamentet på nytt, ettersom han mangla ressursar til å slå ned eit opprør i Skottland. Cromwell var mellom dei mange parlamentsmedlemene som sterkt motsette seg å røyste for nye skattar, før kongen gjekk med på å regjere med samtykke frå parlamentet i saker både av sivil og religiøs art. Krisa vart ikkje løyst og dermed braut den engelske borgarkrigen ut, mellom parlamentaristane på den eine sida og rojalistane på hi.

Cromwell høyrde til mellom parlamentaristane, særleg av religiøse grunnar. Han var ingen framifrå talar, men var frå byrjinga ein leiande på parlementssida. Mange parlamentsmedlemer delte hans oppfatningar og dessutan var han i slekt med mange av dei. Då spionar identifiserte han som delaktig i revolten mot kongen, og soldatar vart sende for gripe han, var han ein av fem som ikkje var til stades. Leiar for parlamentsrørsla vart han likevel fyrst då han viste sine evner på slagmarka.

Sjølv om Cromwell tok del i styrtinga og avrettinga av kongen var Cromwell ikkje ein republikanar då borgarkrigen tok til. Hans målsettingar strekte seg neppe lengre enn å få kongen til å regjere med parlamentet sitt samtykke og med ein meir protestantisk religionspolitikk.

Cromwells religiøse og politiske oppfatningar låg nær einannan. Han var ein overbevist puritanar, ein kalvinistisk protestant som fornekta fri vilje og trudde frelsa var ei gåve frå Gud einast gjennom trua på Jesus Kristus. Likevel var ikkje Cromwell ein dogmatisk kalvinist, Han trudde sterkt på at alle kristne, frårekna katolikkar, hadde rett å utøve trua si slik dei ynskte. Tilhengarar av mange radikale religiøse grupper var velkomne i hans New Model Army, mellom dei kvekarar, anabaptistar og femtemonarki menn. I si tid som lordprotektor gav han dei amnesti. Som protektor skilde han den anglikanske kyrkja frå staten og avskaffa det anglikanske hierarkiet. Jødar fekk atter flytte inn i England og dei hadde høve til å utøve religionen sin. Den forfylgjinga av radikale protestantar som kong Karl I dreiv føre borgarkrigen, var ei hovudsak i Cromwell sin motstand mot kongen.

Han var sterkt imot den katolske kyrkja, som han meinte fornekta Bibelen sin suverenitet til fordel for paven og presteskapet si makt, og som han skulda for undertrykking og forfylgjinga av europeiske protestantar. Av den grunn sette Cromwell seg kraftig mot kong Karl I sine endringar av den engelske kyrkja, då kongen sette inn og innførte katolskinspirerte biskopar og bønebøker, i staden for bibelstudiar. Det irske opprøret i 1641 styrkte Cromwell i oppfatninga av katolisisme og forfylgjing som to sider av det same. Opprøret vart prega av irske katolikkar si massakrering av engelske og skotske innflyttarar, massakrar som vart sterkt overdrivne i puritanske krinsar.

Sjølv om Cromwell samarbeidde med kvekarar og presbyteranarar under borgarkrigen, var han imot at dei skulle tvinge trua si på andre protestantar.

Cromwell trudde sterkt på forsynet, trua på at Gud aktivt styrer det som hender i verda gjennom gjerningar frå utvalde personar. Under borgarkrigen trudde han at han var ein av desse personane, og han tolka sigrar som teikn på at Gud godkjende gjerningane hans, og tap som teikn på at Gud leia han i ei anna retning. Om dette har historikaren Christopher Hill skrive i boka God's Englishman (1970).

Militær leiar[endre | endre wikiteksten]

Cromwell sin innverknad som militær leiar og politikar under den engelske borgarkrigen endra dramatisk det militære og politiske landskapet på dei britiske øyane.

43 år gammal slutta Cromwell seg til parlamentshæren, heilt utan militær erfaring. Etter å ha blokkert ein sølvlast meint for kongen, rekrutterte han ei kavalerieining frå heimgrevskapet sitt. Gjennom ein serie med vellukka slag i East Anglia vann han seg krigserfaring. Han vart kjend for å rekruttere sine offiserar etter merittar og ikkje etter adels-herkomst. Ei fylgje av dette vart at New Model Army under Cromwells kommando var eit senter for politiske radikalarar som «Levellers» og religiøse radikalarar som femtemonarkistar.

Cromwells troppar kom til å respektere han for hans mot og for hans omsorg for deira trivnad. Han vart utnemnd til general med kommando over kavaleriet i New Model Army. Der øvde han soldatane opp i raskt å omgruppere seg etter eit angrep. Denne taktikken, som han nytta fyrste gongen med stor framgang under slaget ved Naseby, viste eit høgt nivå av disiplin og motivasjon hos troppane. Med fleire påfylgjande militære sigrar vann han også politisk makt, heil til han var den leiande politikaren. Ved slutten av den fyrste borgarkrigen 1645 vart kongen teken til fange av parlamentshæren. Cromwell hadde kommandoen over den hæren som hadde vunne denne sigeren og kunne såleis diktere England si framtid.

I tida som fylgde skulle han også vise seg som ein som ikkje berre kunne ha styringa over kavaleriet, men og vere ein framifrå kommandant for heile hærar. Dei vellukka erobringane av Irland og Skottland viste hans store evner i å organisere proviant og logistikk for langvarige felttog i fiendtleg territorium. Dette speglar også tenkemåten til Cromwell, han ville halde oppe moralen og ordenen i troppane sine. Han tillet dei ikkje plyndre landet, men i staden take med sin eigen proviant.

Avrettinga av kongen[endre | endre wikiteksten]

Parlamentarikarane, mellom dei Cromwell, håpa på ei kompromissløysing med kong Karl I. Kongen aksepterte ikkje ei ordning som ikkje stemte overeins med doktrinen hans om 'Kongedømme av Guds nåde'. Den såkalla andre engelske borgarkrigen, som braut ut i 1648 etter Karl I rømde frå fengselet, vitna for Cromwell om at ingen kompromiss med kongen var moglege. Etter han vart fanga på ny vart Karl tiltala for høgforræderi. Cromwell vart pressa frå radikalarane mellom offiserane til å avrette kongen. I januar 1649, då restparlamentet i Whitehall røysta om kor vidt ein skulle avrette Karl I, trengde Cromwell sine soldatar inn i parlamentet og let berre dei røyste som tala for avretting. Dødsdomen over kongen vart underteikna av 59 parlamentsmedlemer, derimellom Cromwell sjølv. Den 30. i same månad vart Karl I den avretta. Cromwell reiste då frå England for å tukte dei gjenverande rojalistiske områda i Irland og Skottland som var alliert med den avretta kongen.

Irland og Skottland[endre | endre wikiteksten]

Cromwells handlingar gjorde han mykje upopulær i Skottland og Irland. Desse landa var tidlegare sjølvstendige, men vart erobra av engelske styrkar under borgarkrigen. Særskilt har Cromwells tidvis brutale underkuing av rojalistane i Irland i 1649 gjeve gjenklang til denne dag. Klaraste symbolet for den brutaliteten er kringsetjinga av Drogheda i september 1649. Her vart nesten 3 500 menneske, av dei om kring 2 700 rojalistsoldatar og alle menn med våpen, massakrert etter staden var erobra.

Irland[endre | endre wikiteksten]

Cromwell såg på irane som fiendar, han rettferdigjorde plyndringa av Drogheda som hemn for massakrane på protestantiske kolonistar i Ulster i 1641. Også i Wexford fann det stad ein berykta massakre, utført av Cromwell sin soldatar. Framleis i dag er det omstridd kor stort personleg ansvar Cromwell hadde for desse gjerningane, og kor vidt dei var i samsvar med samtidas krigspraksis.

Etter Cromwell hadde erobra Irland vart i 1652 all katolskeigd jord konfiskert gjennom 'Act for the Settlement of Ireland'. Jorda tilfall engelske kolonistar og soldatar i parlamentshæren. Katolisismen vart forboden, men dei fleste irlendarane vegra seg mot å gje slepp på trua si. Organiserte forsøk på å omvende dei til protestantismen vart ikkje gjort.

Parlamentsleiren såg lenge på irane som ville og lågareståande, målt mot englendarane sjølve. Cromwell var såleis ikkje åleine i si stridslyst mot irane. Rojalistane var mindre fiendtlege, og allierte seg med dei, noko som elles ikkje tala til irane sin fordel sett frå engelske og skotske protestantar si side.

Skottland[endre | endre wikiteksten]

Cromwell invaderte Skottland åra 1650 og -51, etter skottane hadde krynt Karl I sin son til ny konge som Karl II og samstundes gjorde forsøk på å gjeninnføre monarkiet i England med Karl som konge over Skottland og England. Cromwell hadde vore open for eit sjølvstendig Skottland, men reagerte då skottane truga med å invadere England. Han var mykje mindre fiendtleg mot skotske presbyterianar enn han var mot irske katolikkar og såg på dei som «Guds folk, men villeidde». Trass i dette handla han skånselslaust i Skottland og underkua etter kvart heile landet. Sjølv om dei var færre, slo Cromwell sine veterantroppar større skotske hærar i slaget ved Dunbar og i slaget ved Worcester. Cromwell for hardt fram mot krigsfangane. Han let tusentals døy av sjukdomar og deporterte andre til straffekoloniar på Barbados. Byen Dundee vart plyndra. Skottland vart så lagd under militær okkupasjon og styrt frå England. Ei linje av festningsverk kutta det skotske høglandet, der mange rojalistsoldatar hadde sitt opphav, frå resten av landet. Presbyterianismen vart tillaten som før, men den skotske kyrkja hadde ikkje lenger stønad frå dei sivile domstolane.

Politisk styre[endre | endre wikiteksten]

Etter hæren i 1648 hadde fanga kongen på ny, og fram til 1653, var England ein republikk. Republikken bar namnet 'Commonwealth of England' (Det engelske samveldet). Likevel styrte Cromwell i praksis som ein miltærdiktator.

Mange av Cromwells handlingar etter han tok makta vart omtala som harde og tyranniske. Han var ofte nådelaus når han slo ned dei mytteria, som mot slutten av krigen fann stad i den hæren han leia. Og han hadde liten sympati for Levellers, ei egalitær rørsle som under borgarkrigen hadde gjort mykje for parlamentssida.

Då kongen var borte, løyste den einskaplege støtta til Cromwell seg opp. Dei ulike gruppene byrja stride seg i mellom i parlamentet. I 1653 løyste Cromwell opp det republikanske parlamentetet og tok full kontroll i statsstyringa. Makta baserte han sidan på sin popularitet i hæren, som han hadde bygt opp og som han vakta klokt.

Utanrikspolitisk kom han i krig med Nederlandene i 1652, ein krig som vart avslutta med engelsk siger ved admiral Robert Blake.

År 1657 baud det nyinnsette parlamentet kongekrona til Cromwell. Han takka nei etter seks vekers gjennomtenking. Sjølv om Cromwell takka nei, vart han gjennom ein seremoni gjeninnsett som lordprotektor, ein seremoni som i det meste minte om ei kongekroning.

Død og postum avretting[endre | endre wikiteksten]

Cromwell leid av malaria og av urinvegs- eller nyreplager. Eit samanfall mellom desse sykjene førte til at helsa hans brått forverra seg. Dårleg stell frå den personlege lækjaren førte til han fekk ein rimeleg rask død.

Knapt to år etter Cromwell døydde i 1658, vart Karl II innsett til konge over England. Richard Cromwell, som tok over etter far sin, let sprekka mellom parlament og hær verte for stor og maktbasisen hans forsvann.

Liket av Oliver Cromwell vart grave opp i 1661 og utsett for ei postum avretting. Liket vart så hengt, oppsprett og delt i fire. Hovudet stod utstilt på ein påle ved Westminster Abbey i 24 år. Seinare bytta det mange eigarar. Fyrst i 1960 vart det gravlagd ved Sidney Sussex College i Cambridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!