Newt Gingrich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Newt Gingrich

Newt Gingrich (fødd 17. juni 1943) er ein tidlegare politikar i Sambandsstatane. Han var leiar (engelsk: speaker) av Representantane sitt hus frå 1995 til 1999. Gingrich representerte republikanarane.

Gingrich vart valt inn i Kongressen i 1978 i eit distrikt sør i delstaten Georgia. Han vart gjenvalt ti gonger, dei fleste gongene utan alvorleg motstand.

Dick Cheney vart utnemt til forsvarsminister i 1989 overtok Gingrich embetet som nestleiar (minortiy whip) for den republikanske minoriteten.

Før valet i 1994 kom Gingrich med ein «Kontrakt med Amerika». I kontrakten lovde Gingrich mellom anna å reformere velferdssystemet, ei ny og hard linje mot kriminalitet og balanserte statsbudsjett. Kontrakten vart ein suksess, og republikanarane vann fleirtalet i Representantane sitt hus for fyrste gong sidan 1954.

Den 4. januar 1995 overtok Gingrich som leiar av huset. Mange av punkta i kontrakten vart vedteke, trass sterk kritikk frå president Bill Clinton og demokratane. Resten av presidentperioden til Clinton vart svært vanskeleg for regjeringa, då den republikanske majoriteten i både huset og senatet blokkerte mange budsjettforslag.

Valet i 1998 var skuffande for republikanarane. Gingrich hadde før valet gått hardt ut mot Clinton på grunn av den såkalla Lewinsky-skandalen, og dei fleste trudde på eit republikansk valskred. Då republikanarane faktisk tapte fem sete, vart presset mot Gingrich stort. Han valde difor å trekkje seg både frå stillinga som leiar og frå setet i Representantane sitt hus.