Nicolae Ceaușescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nicolae Ceauşescu)
Nicolae Ceaușescu

Fødd26. januar 1918
Scornicești
Død25. desember 1989 (71 år)
Statsborgar avKongedømet Romania, Socialist Republic of Romania
Yrkepolitikar, militær, skomakar, Romanias president
Utdanna vedUniversité Nice-Sophia-Antipolis
M.V. Frunzes millitærakademi
Academia de Studii Economice din București
EktefelleElena Ceaușescu
BarnZoia Ceaușescu, Nicu Ceaușescu, Valentin Ceaușescu
VervPresident i Romania 1968-1989
FøregangarGheorghe Gheorghiu-Dej
EtterfylgjarIon Iliescu
Alle verv
  • Romanias president (1974–1989)
  • President of the State Council (1967–1989)
  • medlem av Romanias deputertkammer Sjå dette på Wikidata
Nicolae Ceaușescu i 1979

Nicolae Ceaușescu (26. januar 191825. desember 1989) var ein rumensk kommunistisk politikar og Romania sin statsleiar frå 1965 til 1989.

Nicolae Ceaușescu vart fødd i Scornicești i 1918 og vart medlem av det rumenske kommunistpartiet i 1933. I 1965 vart han generalsekretær i partiet, og 1968 president i Romania. Ceaușescu dreiv ein utanrikspolitikk som uroa Moskva; han fordømde den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia under opprøret der i 1968, og avslo å sende troppar dit. Dette gjorde han særs populær i vesten. Innanrikspolitisk var derimot Ceaușescu eit brutal despot og vart stundom samanlikna med Vlad Țepeș (Grev Dracula). Under Ceaușescu sitt styre vart mellom anna det frykta hemmelege politiet Securitate danna.

Ceaușescu sitt styre var prega av ein enorm personkult han lukkast i å skape omkring seg sjølv. Han brukte store summar av økonomien i landet på mange monumentalprosjekt, slik at Romania utvikla seg til å verte eit av dei fattigaste og mest tilbakeståande landa i Euruopa. Medan Ceaușescu levde i luksus saman med familien sin, levde store delar av folket i stor fattigdom. Kona hans Elena Ceaușescu hadde t.d. 3000 par sko. Ceaușescu var òg ein omsynslaus diktator som systematisk forfølgde folk som tenkte annleis og minoritetar gjennom det frykta tryggingspolitiet Securitate. Dei aller fleste innbyggjarane innsåg at dei var undertrykt og bar på innesperra sinne. Få våga derimot å protestere på grunn av frykt for represaliar frå regimet. Ein frykta for både sitt eige og sin familien sitt liv.

Som med mange andre land i Aust-Europa gjorde innbyggjarane i landet opprør mot slutten av 1980-talet, men i Romania vart dette langt blodigare enn i dei andre landa. Dropen som fekk begeret til å flyte over var ordren Ceaușescu gav om skyte uvæpna demonstrantar i Timisoara. Dette eskalerte til den rumenske revolusjonen. Ceaușescu flykta med helikopter, men vart teke til fange og stilt for ein militærdomstol, tiltalt for m.a. folkemord. Etter ein summarisk rettargang vart ekteparet Ceaușescu avretta ved skyting den 25. desember 1989 i Târgovişte.

Ceaușescu vart i 1980 tildelt St. Olavs orden av Kong Olav V. Ordenen vart trekt tilbake i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]