Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St. Olavs orden)
Ordensteikn med sverd for riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Ordensstripa for St. Olavs Orden

Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen er ein fortenesteorden innstifta av kong Oscar I den 21. august 1847 og kalla opp etter Olav den heilage. Han blir tildelt som «belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten». Med unnatak av kongelege og statsoverhovud blir ordenen berre gjeven til nordmenn.

St. Olavs Orden er inndelt i fem grader:

  1. Storkross
  2. Kommandør med stjerne
  3. Kommandør
  4. Riddar av 1. klasse
  5. Riddar

Kongen av Noreg er stormeister av ordenen. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er kongen sin eigedom, og må leverast tilbake til han når mottakaren døyr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet er ein maltesarkross i kvitemaljert gull, som i midten framme og bak har ein høgraud glob med ein blå og dobbel kvit ring rundt. På framsida er globen utstyrt med løva frå riksvåpenet i gull, på baksida har han valspråket til kong Oscar I, «Ret og Sanhed». Mellom dei fire krossarmane er det ein krona O i gull skriven med gotisk skrift. Som kommandør- og riddarkross har ordensteiknet ei gyllen kongekrone over krossen.

Til ordenen høyrer det også eit kjede som kongen kan gje innehavarar av Storkorset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]