Nighthawks at the Diner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nighthawks at the Diner
Dobbeltalbum av Tom Waits
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt 30. juli 197531. juli 1975
Sjanger Jazz
Lengd 73:54
Selskap Asylum
Produsent Bones Howe
Tom Waits-kronologi
The Heart of Saturday Night
(1974)
Nighthawks at the Diner Small Change
(1976)

Nighthawks at the Diner er det tredje albumet til Tom Waits. Det er eit dobbeltalbum frå 1975Asylum Records. Namnet er inspirert av eit måleri frå 1942 av amerikanaren Edward Hopper kalla Nighthawks, men som på folkemunne ofte vert kalla Nighthawks at the Diner.

Albumet vart spelt inn «live» i studio føre eit lite, invitert publikum. Dette gjev plata ein eigen sjarm der Waits fortel historier, vitsar og forklarer sogene om fleire songane mellom fleire av spora på plata. Plata gjev derfor i enno større grad enn dei to førre albuma ein nattleg pianobaratmosfære, men på Nighthawks at the Diner gjev Waits for første gong eit meir humoristisk syn på det nattlege livet på barar og kaféar. Kjærleikssongane frå dei første platene er meir eller mindre borte og ein finn i staden songar om einsame fyrar som på «Emotional Weather Report» og «Better Off Without a Wife».

Songen «Big Joe and Phantom 309» er ei utgåve av songen «Phantom 309» av Tommy Faile og spelt av Red Sovine i 1967.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits bortsett frå der anna er notert.

  1. «(Opening Intro)» – 2:58
  2. «Emotional Weather Report» – 3:47
  3. «(Intro) to On a Foggy Night» – 2:16
  4. «On a Foggy Night» – 3:48
  5. «(Intro) to Eggs and Sausage» – 1:53
  6. «Eggs and Sausage (In a Cadillac with Susan Michelson)» – 4:19
  7. «(Intro) to Better Off Without a Wife» – 3:02
  8. «Better Off Without a Wife» – 3:59
  9. «Nighthawk Postcards (From Easy Street)» – 11:30
  10. «(Intro) to Warm Beer and Cold Women» – 0:55
  11. «Warm Beer and Cold Women» – 5:21
  12. «(Intro) to Putnam County» – 0:47
  13. «Putnam County» – 7:35
  14. «Spare Parts I (A Nocturnal Emission)» (Waits, Chuck E. Weiss) – 6:25
  15. «Nobody» – 2:51
  16. «(Intro) to Big Joe and Phantom 309» – 0:40
  17. «Big Joe and Phantom 309» (Tommy Faile) – 6:29
  18. «Spare Parts II and Closing» – 5:13

Musikarar[endre | endre wikiteksten]