Edward Hopper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett av Edward Hopper frå 1906

Edward Hopper (fødd 22. juli 1882 i New York, død 15. mai 1967 i New York) var ein USA-amerikansk målar som er mest kjend for dei realistiske skildringane sine av einsemda i USA i samtida si.

Eit av dei mest kjende måleria hans er Nighthawks frå 1942 som viser nokre einsame menneske som besøkjer ein nattopen bar. Hopper vil vise den psykiske framandgjeringa mellom personane i måleriet. Det gav inspirasjon til plakaten Boulevard of Broken Dreams av den austerrikske målaren Gottfried Helnwein. I versjonen hans er det Humphrey Bogart, Marilyn Monroe og James Dean som besøkjer baren, og bakom disken står Elvis Presley. Det er også laga ein versjon der det er figurar frå fjernsynsserien The Simpsons som utgjer personane på biletet. Andre har også late seg inspirere av kunsten hans. I 2007 gav den norske forfattaren Frode Grytten ut boka Rom ved havet, rom i byen, som inneheld ti noveller baserte på måleri av Hopper.

Hopper er kjend for lysbruken i måleria sine. Både i måleri som Nighthawks, der bymiljø vert skildra, og i måleri der ein ser inn i eit rom, spelar lyset ei avgjerande rolle. I fleire av måleria til Hopper er horisontlinja gøymd, noko som bidreg til ei draumeliknande stemning.

Han er som sagt utdanna i USA, men reiste også mange gonger til Paris då han var ung. Reisinga betydde mykje for Hopper, noko ein kan forstå ved å sjå på måleria hans. Fyrst og fremst er det kanskje reisinga gjennom USA som gjenspeglar seg i måleria, men han besøkte også Mexico og Europa.

Dei siste måleria hans vart laga i 1965 og heitte Chair Car og Two Comedians.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]