Nikolaj Bogdanov-Belskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1915

Nikolaj Petrovitsj Bogdanov-Belskij (russisk: Никола́й Петро́вич Богда́нов-Бе́льский) (8. desember 186819. februar 1945) var ein russisk målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bogdanov-Belskij vart fødd i landsbyen Sjitikij i Smolensk-guvernementet i 1868. Han studerte kunst på ein kunstskule driven av Semjon Rasjinskij, lærte ikonmåling på klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i 1883 og moderne målarkunst på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur frå 1884 til -89. Åra 1894-95 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi. Seint på 1890-talet studerte og arbeidde han i eit privat-atelier i Paris.

Bogdanov-Belskij slo seg ned i St. Petersburg og arbeidde der i mange år. Men etter 1921 arbeidde han einast i Riga i Latvia. Han var medlem av fleire leiande kunstgrupperingar, der i mellom i Peredvizjnikij-rørsla frå 1895, og Arkhip Kuindzji-selskapet frå 1909. Det sistnemnde var han ein av grunnleggjarane av, og formann frå 1913 til 1918.

Bogdanov-Belskij måla for det meste sjangermåleri, mange med undervisning av bondeborn som hovudmotiv. Dessutan måla han portrett, og impresjonistiske landskapsstudiar. Han var lærar ved kunstakademiet frå 1903. Frå 1914 var han ein aktiv medlem av St. Petersburgs kunstakademi.

Bogdanov-Belskij døydde i 1945 i Berlin.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj Bogdanov-Belskij