Nikolaj Lobatsjevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaj Lobatsjevskij

Nikolaj Ivanovitsj Lobatsjevskij (Николай Иванович Лобачевский) (fødd 1. desember 1792 i Nizjnij Novgorod i Russland, død 24. februar 1856 i Kazan) var ein russisk matematikar.

Lobatsjevskij tok doktorgraden sin ved universitetet i Kazan i 1811, og han var professor i matematikk der i perioden 1816-1846. Han var rektor ved universitetet frå 1827. Han medverka mykje til oppbygginga av universitetet, men av ukjend grunn fall han i unåde i 1846 og vart avsett. Lobatsjevskij arbeidde både med likningsteori og geometri. Den store matematiske oppdaginga er utviklinga av ein ikkje-euklidsk geometri, der det euklidsk parallellaksiomet ikkje gjeld. Geometrien til Lobatsjevskij er den såkalla hyperbolske, der det er ei uendeleg mengd parallellar til ei linje gjennom et punkt utanfor den. Same type geometri vart omtrent samstundes skapt av János Bolyai og Carl Friedrich Gauss sine etterlatne papir viser at han òg har hatt same ide, til og med noko tidlegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]