Nina Kennedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nina Kennedy


Statsborgarskap Australia
Fødd 5. april 1997 (27 år)
Perth
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2018, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner

Nina Kennedy (fødd 5. april 1997) er ein australsk friidrettsutøvar som i 2023 vart verdsmeister i stavhopp under VM i friidrett 2023 i Budapest, då ho og Katie Moon frå USA vart samde om å dele fyrsteplassen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Våren 2021 sette Kennedy personleg rekord med 4,82 meter, men ho var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Tokyo. Eitt år seinare vann ho bronsemedaljen i stav-tevlinga med eit hopp på 4,80 m då VM i friidrett 2022 vart avvikla i Eugene. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august 2023 gjekk ho og Katie Moon over 4,90 meter i tredje forsøk, begge hadde i tillegg eit riv på lågare høgder. Etter både Kennedy og Moon hadde rive tre gongar på 4,95 m, vart dei samde om å avslutte tevlinga og sikra seg slik kvar si gullmedalje. Sju dagar etter VM-finalen, 30. august 2023, forbetra Kennedy sin australske rekord til 4,91 meter då ho sigra i eit DL-stemne i Zürich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]