Noguera Ribagorzana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noguera Ribagorzana
Utspring Vielha e Mijaran
- Høgd 2400 moh
Munning Segre
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 133 km
Middelvassføring 21,7 m³/s
Nedslagsfelt 2036 km²

Noguera Ribagorzana (spansk) eller Noguera Ribagorçana (katalansk) er ei elv nord i Spania. Ho er 133 km lang og det meste av elva dannar grensa mellom Catalonia og Aragon. Ho spring ut i kommunen Vielha e Mijaran (Arandalen) i om lag 2400 meter over havet, og den øvre dalen er ein del av hovudvegen til Arandalen og Vielhatunnelen. Ho renn gjennom det historiske Ribagorça og byen Pont de Suert (Alta Ribagorça). To demningar har danna to store reservoar, Escales nedanfor Pont de Suert og Canelles ovanfor Ivars de Noguera (Noguera). Noguera Ribagorçana munnar ut i Segre frå høgre i Vilanova de la Barca (Segrià).

Elva har eit nedslagsfelt på 2036 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°37′36″N 0°42′21″E