Segre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Segre
Segre i Lleida
Segre i Lleida
Utspring Pyreneane
42°24′8″N 2°6′31″E
- Høgd 2400 moh
Munning Ebro
41°21′42″N 0°18′15″E
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Flag of France.svg Frankrike
Flag of Andorra.svg Andorra
Lengd 261 km
Middelvassføring 100,20 m³/s
Nedslagsfelt 22 579 km²
Segre - Nedslagfeltet til Segre
Nedslagfeltet til Segre

Segre er ei sideelv til Ebro med nedslagsfelt som dekkjer delar av Frankrike, Andorra og Spania.

Segre, som dei gamle romarane og grekarane kalla Sicoris, spring ut på nordsida av Puigmal de Segre i det franske departementet Pyrénées-Orientales i dei katalanske Pyreneane.[1] Ho renn så vestover til Cerdanyadalen (Cerdagne) og gjennom byen Saillagouse, den spanske eksklaven Llívia og Bourg-Madame.

Ho renn inn i Spania ved Puigcerdà og held fram vestover til La Seu d'Urgell, der ho møter Valira frå Andorra. Frå her snur ho sørvestover gjennom lågberga ved Pyrenane (med fleire dammar) og dei vestlege slettene i Catalonia. Ho renn gjennom Balaguer, Lleida og munnar ut i Ebro ved Mequinenza.

Av sideelvar finn ein Valira (frå Andorra), Noguera Pallaresa, Noguera Ribagorçana og Cinca.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Segre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Géoportail