Nordkalotten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordkalotten

Nordkalotten er eit geografisk område i det nordvestre hjørnet av Europas fastland. Ei enkel geografisk skildring er at Nordkalotten er det arktiske området av Noreg, Sverige, Finland og dei nordvestre delane av Russland.

Vanlegvis blir Nordkalotten avgrensa på same måte som Nordkalottrådet gjer. Nordkalottrådet er eit av åtte grenseregionale samarbeid undet Nordisk ministerråd, og omfattar i den samanhengen Nordland, Troms og Finnmark fylke i Noreg, landskapet Lappland i Finland og Norrbottens län i Sverige.

Denne grenseskildringa er ikkje fast, sida omgrepet Nordkalotten kan variere i utstrekning mot sør. I nokre skildringar går sørgrensen mykje lenger mot nord, ofte med den nordlegaste delen av Bottenvika som sørgrense. Dersom ein vil inkludere Nordvest Russland i omgret snakkar ein i dag ofte om Barentsregionen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Nordkalottrådet