Nordnorsk Viseforum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordnorsk Viseforum er ein interesseorganisasjon for visemiljøet i Nord-Noreg. Nordnorsk Viseforum vart etablert i 1972 under Festspela i Nord-Noreg, og er Noregs eldste viseforum, seinare har andre landsdelar også fått tilsvarande organisasjonar.

Nordnorsk Viseforum spelte ei sentral rolle i den nordnorske visebølgja, og i arrangeringa av festivalar som Troilltampen, og av lansering av nye artistar på Festspela i Nord-Noreg. NNV arrangerer også kurs for medlemmene sine.

Medlemsklubbar (2016)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell nettstad