Nord-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nord-Norge si plassering i Noreg
Nordnorske spisse fjell og båtar i Lofoten.

Nord-Noreg er ein langstrekt landsdel nord i Noreg. Han dekker fylka Finnmark, Troms og Nordland. Svalbard og Jan Mayen kan òg reknast med til Nord-Noreg. Landsdelen har ei lang kystline, men òg ei vidstrekt vidde i i Finnmark. Fiske og skipsfart har alltid vore viktige i landsdelen, medan mange samar har livnært seg med reindrift.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Flatevidda av landsdelen er 175 246 km2, noko som nesten er halvparten (45,5 %) av heile Noreg. Likevel bur berre rundt ein av ti nordmenn (10,1%), 465 628, her. Nord-Noreg er dermed prega av lange avstandar og svært spreidd busetjing. Folketettleiken her er berre 2,66/km2, mot landsgjennomsnittet på 14/km2. Etter den andre verdskrigen har sentraliseringa vore sterk, og i den siste halvdelen av nittehundretalet voks det opp fleire nye bysamfunn, som Finnsnes, Alta og Kirkenes.

Turistattraksjon[endre | endre wikiteksten]

Fleire av dei fremste turistmåla i Noreg kan finnast i landsdelen, til dømes Lofoten, midnattssola, polarsirkelen, Polarmuseet i Tromsø, Nordkapp-platået, helleristingane i Alta, verdas påståtte nordlegaste by Hammerfest, og den særeigne tettstaden Longyearbyen aller lengst i nord.

Hurtigruta[endre | endre wikiteksten]

Hurtigruta var lenge hovudframkomstmiddelet i landsdelen, noko som syner igjen ved at fire hurtigruteskip er blitt kalla opp etter han, som MS (tidlegare DS) Nordnorge. For dei nordnorske innbyggjarane er særleg flytransport blitt eit alternativ til båtreisa, men Hurtigruta er fortsatt viktig for folk som reiser rundt i landsdelen.