Dansk
| Dansk (dansk) |
||
| Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk |
|
| Talarar: | danskar | |
| Bruk | ||
| Tala i: | ||
| Dansktalande i alt: | Mellom fem og seks millionar | |
| Skriftsystem: | Latinsk | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | ||
| Normert av: | Dansk Sprognævn | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | da | |
| ISO 639-2: | dan | |
| ISO 639-3: | dan | |
| Wikipedia på dansk | ||
Dansk er eit nord-germansk språk av den austnordiske (kontinentale) greina, og det blir snakka av ca seks millionar menneske. Det er sterkt påverka av plattysk. I tillegg til i Danmark blir dansk også snakka i Sydslesvig (i Flensborg ca 20 %), på Færøyane og Grønland. På Island er dansk obligatorisk framandspråk i grunnskulen. Dansk var einerådande som skriftspråk i Noreg i kring 400 år, og den dominerande skriftforma i Noreg, bokmål/riksmål, utvikla seg frå dansk skriftspråk.
Eit karakteristisk trekk ved dansk er stød, men stød manglar i dialektane i den sørlegaste delen av Danmark.
Innhaldsliste |
Dialektar [endre]
Dei viktigaste danske dialektområda er austdansk (bornholmsk), øymål («Sjælland, Fyn og øerne») og jysk, som blir delt opp i sønderjysk og nørrejysk. Nørrejysk blir delt opp i austjysk og vestjysk.
I dei danske dialektane finst det både eitt, to og tre genera, som blir markerte med determinativ.
Dansk teljemåte [endre]
Den danske teljemåten er delvis basert på tjuetalsystemet. Halvtridje, halvfjerde og halvfemte er eldre uttrykksmåtar for 2½, 3½ og 4½ (jf. norsk halvannan med ydninga 1½).
- 50: halvtredsindstyve (halvtreds) = 2½ x 20 (eldre: halvtredje sinde tyve)
- 60: tresindstyve (tres) = 3 x 20 (eldre: tre sinde tyve)
- 70: halvfjerdsindstyve (halvfjerds) = 3½ x 20 (eldre: halvfjerde sinde tyve)
- 80: firsindstyve (firs) = 4 x 20 (eldre: fire sinde tyve)
- 90: halvfemsindstyve (halvfems) = 4½ x 20 (eldre: halvfemte sinde tyve)
Sjå også [endre]
- Rigsdansk
- Danske dialekter
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Austgermanske språk | Gotisk · Krimgotisk · Vandalisk · Burgundisk |
| Nordgermanske språk | Islandsk · Færøysk · Norn · Norsk · Dansk · Svensk · Rodi · Romani |
| Vestgermanske språk | Tysk · Jiddisch · Plattysk · Frisisk · Nederlandsk · Afrikaans · Engelsk · Skotsk · Langobardisk |