Heini Klopfer-bakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heini Klopfer-bakken
Heini Klopfer-bakken
Namn Heini Klopfer-bakken
Plassering Oberstdorf
Byggeår 1961
Bakketype Skiflygingsbakke
Tekniske data
K-punkt 185 m
Bakkestorleik (HS) 213 m
Bakkerekord 225,5 m
Tilløp - lengde
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 40,000
Klubb
Andre bakkar

Heini Klopfer-bakken er ein skiflygingsbakke i Oberstdorf i Tyskland. Bakken ligg i dalen Birgsautal (òg kalla Stillachtal) sør for Oberstdorf, og er den tredje største hoppbakken i verda, etter Vikersundbakken og Letalnica i Planica. Bakken har eit K-punkt 185 meter og ein bakkestorleik på 213 meter. Bakkerekorden er 225,5 meter, sett av Harri Olli 14. februar 2009. Skiflygingsbakken er eigd av Skiclub 1906 Oberstdorf.

Initiativet til å få bygd skiflygingsbakken blei tatt av tre skihopparar frå Oberstdorf, Sepp Weiler, Heini Klopfer og Toni Brutscher. Også i Ruhpolding var det planar om å bygge skiflygingsbakke, men etter avstemming i Bayerns skiforbund i 1949 blei det vedtatt at skiflygingsbakken skulle bli bygd i Oberstdorf. Bygginga tok 5 månader, og bakken blei fyrst prøvd den 2. februar 1950. Det aller fyrste hoppet blei gjort av Heini Klopfer, som nådde 90 meter. Under den første skiflygingsveka sette austerrikaren Willi Gantschnigg verdsrekord med 124 meter den 28. februar 1950. Dei neste dagane blei rekorden forbetra to gonger. Sepp Weiler hoppa 127 meter 2. mars, og dagen etter hoppa svensken Dan Netzell 135 meter.

To gonger har bakken gått gjennom store ombyggingar, i 1972/73 og 1997-1999. Opphavleg hadde bakken ovarenn av tre, men det blei rive og erstatta av ein betongkonstruksjon føre VM i 1973. Det har til saman vore sett 19 verdsrekordar i skiflygingsbakken. Den siste verdsrekorden blei sett av finske Matti Nykänen med 185 meter den 17. mars 1984. Bakken har vore arena for verdsmeisterskapen i skiflyging fem gonger, i 1973, 1981, 1988, 1998 og 2008.

Bakken er oppkalla etter Heini Klopfer, som døydde alt i 1968, 50 år gamal. Klopfer var bakkearkitekt i FIS, og teikna omtrent 250 hoppbakkar.

Heini Klopfer-bakken blir rekna som ein relativt sikker skiflygingsbakke. Kulen og unnarennet er omgitt av skog, og det gjer bakken meir verna for sidevind, som elles kan vere eit stort problem i store hoppbakkar. Betongtårnet frå 1973 er eit landemerke i området. Skiflygingsbakken blei den andre skiflygingsbakken i verda (etter Vikersundbakken) til å få flaumlysanlegg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]