Schattenberg-bakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schattenberg-bakken
Schattenberg-bakken
Namn Schattenberg-bakken (storbakken)
Plassering Oberstdorf
Byggeår 1946
Bakketype Storbakke
Tekniske data
K-punkt 120 m
Bakkestorleik (HS) 137 m
Bakkerekord 143,5 m (Sigurd Pettersen)
Tilløp - lengde 108 m
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet 3,38 m
Snøggleik på hoppet 91,4 km/h
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 27,000
Klubb SC Oberstdorf
Andre bakkar HS100

Schattenbergbakken er ein hoppbakke som ligg på austkanten av Oberstdorf, innunder fjellet Schattenberg, som har gjeve namn til anlegget. Det består av ein storbakke, ein normalbakke og tre mindre treningsbakkar, samt eit tribuneanlegg (infoboksen til høgre omtalar storbakken). Hoppanlegget er fyrst og fremst kjent for opningsrennet i den årlege hoppveka, som har blitt arrangert her sidan starten i 1953.

Bakkerekorden er på 143,5 meter, og blei sett av Sigurd Pettersen i 2003.