Obo d'amore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Obo d'amore
OboeDAmore modern.jpg
Obofamilien
Andre namn Oboe d'amore
Hornbostel-Sachs klassifisering 422.112-71
(Aerofon med tastar og doble røyrblad)
Utvikla 1700-talet
Liknande instrument

Obo d’amore (oboe d'amore, hautbois d'amour eller kjærleiksobo) er altinstrumentet i obofamilien. Han er stemt a, altså ein liten ters lågare enn oboen. Klangfargen er rundare enn ein vanleg obo, men ikkje så rund som engelsk horn. Han vart hovudsakleg brukt i barokken, og då særskild av Johann Sebastian Bach og Georg Philipp Telemann. Instrumentet vert sjeldan brukt i moderne symfoniorkester, nokre unntak er Sinfonia domestica av Richard Strauss og Ravels Bolero.

Frå tidleg på 1700-talet er obo d’amore alt-instrumentet, den vanlege oboen sopran, og tenoren i instrumentfamilien er jaktobo (obo de caccia) som vart vidareutvikla til engelsk horn.

Musikk for obo d’amore[endre | endre wikiteksten]

Obo d’amore har ei solistrolle i J. S. Bachs cembalokonsert i A-dur (BWV 1055) for obo d'amore, strykarar og basso continuo, i Antonio Lottis konsert i A-dur for obo d’amore, strykarar og basso continuo, og i G. P. Telemanns konsert i e-moll for obo d’amore, strykere og basso continuo (TWV 51:e2).

I kammermusikken finst ein triosonate i A-dur for obo d'amore, fiolin og basso continuo av Graun (truleg Johann Gottlieb). I Ravels Bolero er obo d'amoren ein del av orkesteret (dvs ikkje solist).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]