Richard Strauss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Strauss (av Emil Orlik, 1916)
Ein ungdommeleg Strauss

Richard Georg Strauss (11. juni 18648. september 1949) var ein leiande tysk komponist og dirigent frå seinromantikken og tidleg modernisme.

Han er svært kjend for operaene sine, til dømes Der Rosenkavalier (1909-10) og Salome (1904-05); lieder, spesielt Vier letzten Lieder (1948) og tonedikta og orkesterverka, som Tod und Verklärung (1888–1890), Till Eulenspiegels lustige Streiche (1895), Also sprach Zarathustra (1896), Eine Alpensinfonie og Metamorphosen für 23 Solostreicher (1946). Strauss var elles ein stor dirigent og teaterleiar.

Som Gustav Mahler er Strauss ein representant for den tyske seinromantikken etter Richard Wagner. Eit særmerke var nye orkestreringsteknikkar kombinert med ein avansert harmonikk.

Richard Strauss skreiv over 250 musikkverk, totalt 61 orkesterverk (inkludert dei for soloinstrument), 45 kammermusikkverk, 75 songar, 33 orkestersongar, 19 korverk og 21 sceneverk.

Han var ikkje i slekt med den kjende austerrikske komponistfamilien Strauss frå Wien.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • Arabella op. 79 1930-32
  • Ariadne auf Naxos op.60 1911-12
  • Capriccio op.85 1940-41
  • Daphne 1937
  • Der Rosenkavalier op.59 1909-10
  • Die ägyptische Helena 1927
  • Die Frau ohne Schatten op.65 1914-18
  • Elektra op.58 1906-08
  • Intermezzo 1923
  • Salome op.54 1904-05

Tonedikt[endre | endre wikiteksten]

  • Don Juan op.20 1888
  • Tod und Verklärung op.24 1888-89
  • Till Eulenspiegels lustige Streiche op.28 1894-95
  • Also sprach Zarathustra op.30 1895-96
  • Don Quixote op.35 1896-97
  • Ein Heldenleben op.40 1897-98
  • Symfonia Domestica op.53 1902-03
  • Eine Alpensinfonie op.64 1911-15

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Strauss