Olaf Barda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olaf Barda, fødd Olaf M. Olsen, (17. august 19092. mai 1971) var ein norsk sjakkspelar.

Olaf Barda vart tildelt tittelen internasjonal meister i sjakk i 1952 som den første frå Noreg.[1] Han vart norsk meister i sjakk 6 gongar, i 1930 (under namnet Olaf M. Olsen), 1947, 1948, 1952, 1953 og 1957.[2] Han deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1930 (som Olaf M. Olsen).[3][4]. Olimpbase oppgir at han deltok også i sjakk-OL i Moskva i 1956, men dette var sonen Yngvar Barda (1935-1999).[5]

Olaf Barda var ein svært sterk postsjakk-spelar. Han vann noregsmeisterskapen i postsjakk i 1946 og 1949/50, og han vart nummer 4 i det første VM i postsjakk 1950-1953. Han vart tildelt tittelen stormeister i postsjakk i 1953.[6][7]

Olaf Barda skreiv sjakklæreboka Sjakk! som kom ut i 1943. Ein del år skreiv han sjakkspalta i Dagbladet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]