Old Trafford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Old Trafford

Old Trafford er heimebana til den engelske fotballklubben Manchester United, og ligg i byen Manchester, nordvest i England. Den er det einaste stadionet i dei fire øvste divisjonane i England som aldri har fått eit offisielt namn, men blir kalla Old Trafford etter staden der den ligg.

Old Trafford, som også er kjend som The Theatre of Dreams, har vore Manchester Uniteds heimebane sidan 19. februar 1910. Stadion blei bomba under den andre verdskrigen, og United måtte derfor spele på Manchester Citys heimebane, Maine Road, til gjenoppbygginga blei fullført i 1949.

Old Trafford har nest størst publikumskapasitet av alle engelske fotballstadiona, med plass til over 76 000 tilskodarar. Berre nye Wembley er større. 13. januar 2007 blei det sett ny publikumsrekord i Premier League med 76 000 tilskodarar på Old Trafford. Old Trafford er med god margin Storbritannias største klubbstadion. Speleflata er på 106 x 69 meter. Stadionet brukast ofte til semifinalekampar i FA-cupen (om Manchester United ikkje er involvert), og mens nye Wembley er under bygging, har det vorte spelt fleire landskamper her. Finalen i Champions League blei spelt her i 2003. Stretford End er tribunen der heimetilhengjarane sitt.

Fotballbana ligg i nærleiken av ei kjend cricketbane med same namn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]