Ole, Dole og Doffen Duck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole, Dole og Doffen Duck (engelsk Huey, Dewey and Louie Duck) er tre oppdikta andungar som er trillingar og nevøar til Donald Duck i teikneseriar og teiknefilmar av Disney. Gutane ser heilt like ut, som tre små kvite ender, men skil seg frå kvarandre gjennom fargen på kleda, særleg lua. Eit særtrekk er at dei ofte «deler» ei utsegn seg imellom, ved at ein seier førstedelen, ein annan andredelen, og den siste slutten.

Ole, Dole og Doffen er alle generalar og høgt dekorerte medlemer i den speidar-aktige hakkespettrørsla.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ungane dukka opp for fyrste gong 17. oktober 1937 i amerikanske avisstriper laga av Ted Osborne og Al Taliaferro, og på film i Donalds Nephews frå 1938, som tok utgangspunkt i teikneserien. Dei fleste sogene handlar om opplevingar dei har saman med Donald, men tv-serien Ole, Dole og Doffen på eventyr (eng. DuckTales) frå 1980-talet og Quack Pack frå 1990-talet gav dei meir av ein hovudrolle.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ole, Dole og Doffen blei presentert som søner av søstera til Donald, Della Duck, og skulle bu hjå onkelen mellombels. Dei blei seinare sende tilbake til foreldra, men kom seinare tilbake til Donald utan forklaring, og blei adopterte av han i 1942.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var dei reine rakkarungar som Knoll og Tott. Grunnen til at gutane først blei send til Donald var at far deira var på sjukehus etter ein eksplosjon under stolen hans som dei sjølvsagt stod bak. I dei tidlege episodane dreiv dei helst med apestrekar, men seinare, særleg i soger laga av Carl Barks, blei gutane meir nyanserte og forstandige, og er i dag ofte dei kloke barna som må hjelpa den korttenkte onkelen sin ut av ei knipe.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dei engelske namna til endene er Huey, Dewey og Louie. Taliaferro har forklart i intervju at han kalla dei opp etter dei samtidige politikarane Huey Long (1893-1935), Thomas Edmund Dewey og Disney-animatøren Louie Schmitt (1908-1993). Namna skal vere kortformer av Huebert, Deuteronomy og Louis, i følgje fjernsynsserien Quack Pack.

Det er verdt å merka seg at trillingane har verkelege namn med homofone enderim på engelsk. På mange andre språk går ulike former for rim igjen, men ein har ofte valt å bruka tullenamn. Til dømes har dei på italiensk allitererande, kvekkeaktige namna Qui, Quo og Qua, og til dømes dansk og nederlandsk har liknande namnetypar, med like konsonantar framme og bak og berre skilnad i vokalane. Spanske omsetjingar har derimot ekte namn, som rimar ved at ein legg til diminutivet -ito og i den europeiske versjonen også allitterer med J.

Dei norske namna til nevøane har både ekte (Ole) og uekte namn (Dole) — Doffen kan vera eit kallenamn. Dei to første namna har enderim medan dei to siste allitterer. I tillegg går O og E igjen i alle namna, utan at dei rimar fullstendig. Namna minner om den skandinaviske barneregla «Ole dole doff, kinkliane koff, kofliane, birkebane, ole dole doff». Namna har seinare inspirert den norske artisten Ole I'dole (Ole Evenrud).

Namna på andre språk er:

Språk Namn
Dansk Rip, Rap og Rup
Engelsk Huey, Dewey and Louie
Finsk Tupu, Hupu ja Lupu
Fransk Riri, Fifi et Loulou
Færøysk Dinni, Danni, Dunni
Indonesisk Kwik, Kwek dan Kwak
Islandsk Ripp, Rapp og Rupp
Italiensk Qui, Quo e Qua
Kroatisk Hinko, Dinko i Vinko
Latvisk Tiks, Tīks, Triks
Nederlandsk Kwik, Kwek en Kwak
Polsk Hyzio, Dyzio i Zyzio
Portugisisk Huguinho, Zezinho & Luisinho
Russisk Billy, Villy i Dilly
Serbisk Raja, Gaja i Vlaja
Slovakisk Hui, Dui, Lui
Slovensk Pak, Žak in Mak
Spansk (Argentina) Huguito, Dieguito y Luisito,
Spansk (Spania) Jorgito, Juanito y Jaimito
Spansk (Sør-Amerika) Hugo, Paco y Luis
Svensk Knatte, Fnatte och Tjatte
Tsjekkisk Bubík, Dulík a Kulík
Tyrkisk Cin, Can ve Cem
Tysk Tick, Trick und Track
Ungarsk Tiki, Niki és Viki

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]