Ole Erik Almlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Erik Almlid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. desember 1969 (54 år)
Malm i Verran
Far Kolbjørn Almlid

Ole Erik Almlid (fødd 1. desember 1969) er ein norsk næringslivsdirektør, tidlegare kommunikasjonsdirektør, avisredaktør og journalist. Sidan 2018 har han vore administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Almlid har ei utdanning frå Norsk journalisthøgskole, forutan studium i statsvitskap og psykologi. Han har vore nyhenderedaktør, nettredaktør og sjef for politisk redaksjon i Aftenposten, sjefsredaktør i Østlendingen og Hamar Dagblad, sjefredaktør og dagleg leiar i Avisenes Pressebyrå, politisk redaktør og konstituert sjefredaktør i Trønder-avisa. Han har òg vore journalist i ei rekkje aviser. I 2013 vart Almlid kommunikasjonsdirektør i NHO. Frå 1. januar 2016 vart han viseadministrerande direktør i same organisasjon.[1][2][3] Dinest, vart han administrerande direktør i NHO den 18. desember 2018.[4] Almlid sit i fleire styre, mellom anna i styret i Norges Varemesse, Civita og Ungt Entreprenørskap (UE).

Ole Erik Almlid er son av Kolbjørn Almlid, tidlegare fylkesordførar i Nord-Trøndelag.

Ole Erik var i yngre år aktiv i Senterungdommen, mellom anna som medlem av sentralstyret.[5]

Almlid har vore open på at han har cerebral parese.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ole Erik Almlid». NHO. 
  2. Aldra, Simon (20. juni 2013). «Ole Erik Almlid ny NHO-direktør». Trønder-Avisa. Arkivert frå originalen 12. april 2016. Henta 12. april 2016. 
  3. «Ole Erik Almlid (43)». Journalisten. 20. juni 2013. Arkivert frå originalen 25. juni 2013. 
  4. «Ole Erik Almlid blir ny NHO-sjef». www.nho.no (på norsk). Henta 18. desember 2018. 
  5. «Ole Erik Almlid» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. «Helt sjef», emagasin-loaktuelt.lomedia.no (på norsk bokmål), henta 16. mars 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]