Ole Eskild Dahlstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Eskild Dahlstrøm (fødd 4. mars 1970) er ein norsk tidlegare ishockeyspelar. Han spelte for Storhamar Dragons, Lillehammer Ishockeyklubb og landslaget

Ved sidan av Espen Knutsen, har Ole Eskild Dahlstrøm gjennom over 15 år vore Noregs mest profilerte ishockeyspelar. Dahlstrøms moderklubb er Furuset Ishockey, men størst relativ resultatsuksess har Dahlstrøm hatt i Storhamar Dragons. Han har også proffopphald i Örebro i Sverige og i Adler Mannheim i Tyskland bak seg, samt ein lang karriere på det norske landslaget. Dahlstrøm deltok blant anna under vinter-OL for Noreg i 1992 i Albertville og i 1994 på Lillehammer. Han blei drafta av NHL-klubben Minnesota North Stars i 1990.

Han er no ishockeykommentator på TV 2 Sport.