Oljemåleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Margareta Maria de Roodere og foreldra hennar. Oljemåleri på lerret frå 1652 av Gerard van Honthorst. Margareta held ein palett med måling, medan den avdøde faren er avbilda på ei måleri i måleriet.

Oljemåleri er ein måleteknikk der ein bruker olje som bindemiddel mellom pigmenta. Den vanlegaste olja brukt til å laga målinga er linolje, medan ein bruker terpentin eller liknande til å tynna henne. Ein kan måla på ulike underlag, som lerret, tre, kartong eller papir. Det ferdige måleriet blir beskytta av ein ferniss av harpiks.

Oljemåleri er har særleg hatt ein framtredande plass i vestleg biletkunst frå 1400-talet. Overgangen byrja med tidleg nederlandsk måleri, og i løpet av renessansen fortrengde oljemåling nesten heilt eggtempera i store delar av Europa. Opphavleg framstilte ein målinga for hand, ved å blanda pulver av naturlege pigment og olje. Frå 1850-talet av blei det også laga syntetiske pigment, og målinga blei også selt i tuber.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oljemåleri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.