Om Kalsoum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Om Kalsoum rundt 1960.

Om Kalsoum[1] (ca. 4. mai 19043. februar 1975) var ein mykje omtykt egyptisk songar som var blant dei best kjende utøvarane av arabisk musikk på 1900-talet.

Om Kalsoum opptrer rundt 1968.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Om Kalsoum var fødd i landsbyen Tamay ez-Zahayra som ligg i Nildeltaet, ikkje så langt frå Middelhavet, i El Senbellawein i Dakahlia-guvernementet. Fødslar blei ikkje registrerte av styresmaktene på denne tida. Informasjonsdepartementet i Egypt har oppgjeve datoane 31. desember 1898 og 1904, slik at ho dermed truleg vart fødd mellom desse.

Faren var imam og religiøs songar ved bryllaup og høgtider. Då han blei var stemmegåva hennar, byrja han ta henne med på konsertar, kledd ut som gut for ikkje å vekka unødig oppsikt. Det å synga, særleg for ei jente, var sett på som ein lite aktverdig levemåte i lokalsamfunnet deira. Umm Khalsoum heldt likevel fram med å synga, og var som tenåring blitt ei lokal stjerne.

Rundt 1923 flytta Om Kalsoum og familien hennar til Kairo. Den egyptiske hovudstaden var då eit veksande senter for underhaldning og massemedia i Midt-Austen. I det moderne bysenteret kunne den enkle bygdebakgrunnen hennar oppfattast som bondsk og gammaldags, men Om Kalsoum lærte seg raskt meir «sofistikerte» musikkstilar og manerar. Ho blei beden om å synga i heimane til rikfolk, ved teater og kabaretar, og gav ved midten av 1920-talet ut sine første opptak.

Sist på 1920-talet var Om Kalsoum blitt ein av dei mest ettertrakta og best betalte artistane i Kairo. Ho blei spelt på radio, seinare også på fjernsyn, og i 1936 spelte og song ho i hovudrolla i den første av sine seks filmar, Wedad. Frå 1937 byrja Om Kalsoum å halda konsertar den første torsdagen (dag før den muslimske heilagdagen) kvar månad.

Songaren hadde fleire helseproblem som på 1940- og 1950-talet hindra henne i å jobba. Mellom anna hadde ho augeproblem som gjorde at ho måtte bruka solbriller mesteparten av tida mot slutten av livet. I 1953 gifta ho seg med legen sin gjennom fleire år, Hassen El Hafnaoui.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke til songaren i Kairo.

Om Kalsoum blei ei stjerne i samtida si, i Egypt og kringliggande land, og i ettertid. Ho blei rekna som ein særmerkt artist både gjennom den sterke, klare stemmen sin, tydeleg uttale av og respekt for songtekstane og ein evne til å vera lydhøyr for publikum og forma songen etter deira reaksjonar, noko som er høgt verdsett i egyptisk musikk. Stilen hennar førte saman klassisk arabisk musikk, egyptisk religiøs song og moderne egyptisk populærmusikk, og gjorde arabisk dikting til folkeeige. Medan ho først framførte religiøse songar, gjekk ho etterkvart over til å også synga populærmusikk, gjerne i egyptisk daglegspråk, laga av dei beste komponistane og diktarane i samtida, som Ahmad Shawqi, Bayram al-Tunisi og Muhammad 'Abd al-Wahhab.

Om Kalsoum var sett på som ein djupt religiøs og patriotisk songar, eit syn støtta både av songane og samfunnsbidraga hennar. Under den egyptiske kampen for sjølvstyre blei konsertane hennar ofte noko liknande nasjonalistiske samlingar. Under dei store politiske omveltingane i Egypt på 1950-talet framførte ho songar til støtte for landet og president Nasser. Dei to fekk eit nært vennskap, og ein av songane hennar knytt til Nasser, «Wallahi zaman, ya silahi», var egyptisk nasjonalsong mellom 1960 og 1979. Songaren gav store pengegåver til ulike arabiske føremål, og deltok i fleire ulike offisielle stillingar knytt til kulturlivet.

Ho er kjend under tilnamnet «Kawkab al-Sharq», 'stjerna frå aust'. I 2001 opna Kawkab al-Sharq-museet om henne i Kairo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Umm Kulthum», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
  • Kalsoum «Om Kalsoum» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Zirbel, Katherine E. (Nov., 2000), «The Voice of Egypt: Umm Kulthum, Arabic Song, and Egyptian Society in the Twentieth Century by Virginia Danielson (Review)», American Ethnologist, (Blackwell Publishing) (4) 
  1. Arabisk skrift أم كلثوم. Namna blir også translitererte til Oum/Oumme/Umm og Kalthum/Kolthoum/Kulthum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Om Kalsoum