Fredag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|
Fredag er siste kvardagen i den moderne vestlege kalenderen og er ein viktig dag i fleire kulturar.
Innhaldsliste |
[endre] Mytologi
På germanske språk er dagen kalla opp etter Frigg eller Frøya, som var ei eller to norrøne gudinner for grøderikdom og venskap. På romanske språk er han kalla opp etter den tilsvarande romerske gudinna, Venus. Innan hinduismen er dagen vigd Laksjmi, gudinna for velstand.
[endre] Fredag som heilagdag
[endre] Jødedommen
Den jødiske sjabbáten (sabbaten) startar når sola går ned fredagen. Då er det vanleg å samla seg til eit familiemåltid med levande lys, og halakháen (jødisk religiøs lov) pålegg jødar å leggja ned alt arbeid heilt til sjabbáten er over etter solnedgang på laurdag. I samband med førebuing til den jødiske sjabbáten har det tradisjonelt vore marknadsdag på fredag mange stader.
[endre] Kristendommen
Frå gammalt av har fredagen markert overgangen til sabbaten (kviledagen) i ein del kristne samfunn — i motsetnad til søndagen, som vart markert som Herrens dag. Dette ser ein framleis spor av i dagsnamna på romanske språk. I dei fleste kyrkjesamfunna har ein etterkvart gått over til å markere søndagen som kviledag, men enkelte kyrkjesamfunn markerer framleis fredagskvelden som byrjinga på kviledagen.
I kristendommen har fredag frå gammalt av vorte markert med faste til minne om korsfestinga på langfredag. I kristen samanheng vil faste seie å avstå frå å eta kjøt. I katolsk kultur er det framleis vanleg å servere fisk heller enn kjøt på fredagar.
[endre] Islam
I og med at fredagen var den viktigaste marknadsdagen i områda der islam oppstod, så vart fredagen ein særleg eigna dag for misjonsverksemd for muslimar — og fredagen fekk dermed tidleg status som offentleg bønne- og preikedag i islam.
Fredag er stadig den heilage dagen for muslimane, som samlar seg i moskéar for å be. I mange muslimske land reknar ein no dagen for å vera den siste i veka.
[endre] Fredag som ulukkesdag
Ein del overtru reknar fredag som farleg, og dersom dagen fell på det uheldige talet tretten er det spesielt skjebnesvangert. Båe desse førestillingane har kristen bakgrunn: Fredagen som ulukkesdag har bakgrunn i den kristne langfredagen, og talet tretten er i kristendommen knytt til apostelen Judas Iskariot som trettande medlem av gruppa kring Jesus — mannen som i følgje Det nye testamentet forrådde Jesus i samband med arrestasjonen føre korsfestinga.
[endre] Fredag som start på helga
Med den moderne femdagarsveka, der laurdag og sundag er fridagar, markerer fredagen byrjinga på helga. Dette kan føra til at ein set ekstra pris på dagen, eller at ein kjenner seg ekstra trøytt ved slutten av ei hard veke.
Venner og kollegaer nyttar ofte fredagen til sosialt lag, gjerne med fredagspils. I ein del verksemder som har ein streng kleskode er det mogleg å kle seg litt enklare på fredagar; på engelsk blir dette gjerne kalla casual Friday.
I dei store byane er det ofte trafikkproblem knytte til fredagsutferda, og det viser igjen på ulykkesstatistikken.
[endre] Anna
- Robinson Crusoe ga namnet Fredag til den ukjende mannen han møtte på si einsame øy ettersom han møtte mannen denne dagen.

