Ombofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ombofjorden er ein fjordarm av Jelsafjorden og Boknafjorden i Hjelmeland kommune. Dei nordvestlege delane av fjorden ligg òg innanfor tidlegare Finnøy kommune. Fjorden ligg mellom Ombo i vest, som fjorden er kalla opp etter, og Jøsneset på fastlandet i aust.

Det nordlege innløpet ligg mellom Røykjanes på Ombo og Hårsteinen på Jøsneset. Frå her går fjorden 5,5 km sørover til Hjelmelandsfjorden mellom Skibaviga i vest og Nesvik i Nesvik i aust. Mellom Ombo og Nesvik er det ferjesamband.

Like nord for det nordlege innløpet ligg innløpet til Erfjorden i aust.